Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Festeavgifter og gravstell

Radøy sokn har driftsansvaret for dei seks gravplassane i kommunen:  Bauten, Hordabø, Manger, Rikstad, Sletta og Sæbø.

Festeavgifter for 2018

  • Graver mellom 20 og 60 år gamle: Kr 400 pr.grav pr.år
    Innkreving kvart 5. år
  • Graver som er meir enn 60 år gamle: Kr 800 pr.grav pr.år
    Kan berre fornyast etter særskilt søknad til soknerådet. Det vil verta sendt ut informasjonsbrev i januar året etter at festetida gjekk ut.
  • Særskilt reservert grav (festegrav): Kr 8000 - eingongsavgift som gjeld i 20 år

Gravstell

Vi kan tilby gravstell til kr 2000 inkl.mva pr.grav pr.år.
Då får du:

  • Vårrydding og planting av påskeliljer til påske/17.mai.
  • Planting og sommarstell.
  • Krans og lyng til jul.

Vilkår for gravstell

Gravstell (årsstell) vert fakturert på forskot. Prisen inkluderar 25% mva. Det er òg mogleg å oppretta ein førehandsbetalt stellavtale (også kjend som legat). Det er kun gravfestaren som kan inngå avtale om gravstell.  Ta kontakt med kyrkjekontoret for meir informasjon. Festeavgifter og pris for gravstell vert regulert kvart år.