Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Gudsrikeleiken

Ein "leikande" måte å formidle bibelforteljingar på.

Gudsrikeleiken er en metode som har vorte utvikla over lang tid og har røtene sine heilt tilbake til Maria Montessori. Gudsrikeleiken er "multi-sensorisk", dvs. at alle sansane er stimulert for å lære. Norsk Lærar Akademi (NLA) har henta Gudsrikeleiken til Noreg og tilpasse den til norske tilhøve og Den norske kyrkja.

Kyrkja ynskjer å hjelpa foreldre med dåpsløftet om at borna skal oppdragast in den kristne trua. Dei bibelske forteljingane ligg som grunnlag i personlig tru og i vår kulturarv og treng å formidlast vidare.

Ikkje noko er så fengande som ei god historie. Slik har og trua vår vorte vidareført, gjennom historiane om Guds folk, mennesker som vandra i ørkenen og som opplevde ting med Gud. Borna opplever ofte mykje glede og tilfredstillelse av å høyre desse forteljingane. Dei rører ved djupe spørsmål om meininga med livet, om døden, om glede og om mykje anna.

Ynskjer du å melde ditt barn på Gudsrikeleiken? Følg lenken og fyll ut skjema.