Lys Vaken - overnatting i kyrkja

Første helg i Adventstida inviterer vi dei som fyller 11 i år til overnatting i Sæbø kyrkje.

Har du nokon gong overnatta i kyrkja? No har du sjansen. Bli med på LysVaken!

Vi skal blant anna leike, bli kjende med kvarandre og ha juleverkstad. Vi får ein hemmeleg gjest, vi skal ete god mat og sist, men ikkje minst, sove i kyrkja. 

Overnattinga er frå laurdag, 2. til søndag 3. desember i Sæbø kyrkje. Vi begynner laurdag kl. 17.00. På søndag et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudsteneste kl. 11.00. Der er også foreldre og søsken hjarteleg velkomne til å bli med.

Har du ikkje fått invitasjon er det sannsynlegvis fordi du ikkje er registrert som medlem i kyrkja. Men du er sjølvsagt hjerteleg velkomen til å vera med!

Påmelding til Lys Vaken

Foreldre/føresatte kan bidra med
Tillet fotografering i samband med reportage på nettside, Facebook eller lokalavis.