Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Beate Folkestad Osdal ordinert til prest !

23. juni kl 11 blir Beate Folkestad Osdal ordinert til prest av biskop Ingeborg Midttømme, og går inn i fast stilling som sokneprest i Nordfjord tenestedistrikt og frå 1.12. blir ho sokneprest i Totland og Nord Vågsøy. Alle er velkomne til å vree med i ordinasjonen i Valderøy kyrkje !

Beate Folkestad Osdal bur i Håvika i Selje, er 48 år, gift med Stein Robert, har tre barn og er akkurat blitt bestemor. 

Beate vaks opp på Valderøya, er utdanna kateket og har jobba som kateket i Selje i 12 år og i Eid i 4 år. Frå 2016 har ho vidareutdanna seg til å bli prest og har vore i ulike vikarpreststillingar her i Nordfjord. Beate vart i mars 2018 godkjent som prest i Kyrkjerådet si evalueringsnemnd paragraf 6, den såkalla "profetvegen". Ho har dette året tatt praktikum i Tromsø i tillegg til å vere fungerande sokneprest i Vågsøy. 23. juni blir Beate ordinert til prest av biskop Ingeborg Midttømme, og går inn i fast stilling som sokneprest i Nordfjord tenestedistrikt og frå 1.12. blir ho sokneprest i Totland og Nord Vågsøy.

Haldis Håvik er formell utsending frå soknerådet i Selje til ordinasjonen. Alle er velkomne til å vere med i ordinasjonen i Valderøy kyrkje kl. 11.00.

Kontaktinformasjon for Kyrkjene i Selje

Besøksadresse:
Kyrkjeverja
Selje kommune
Kommunehuset
6740 Selje

Postadresse:
Selje Kyrkjelege Fellesråd
Kommunehuset
6740 Selje

Opningstider:
Mån - fre
09.00 - 15.00

kyrkjeverja@selje.kommune.no
kyrkjeverja: 979 90 447

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"