Gudstenestelivet
- Antall gudstenester på søndagar og helgedagar: 66
- Antall gudstenester på andre dagar: 7
- Antall deltakarar på gudstenester søndagar & helgedagar: 6762
- Antall deltakarar på gudstenester andre dagar: 833
Dette gjev eit gjennomsnitt på 102 deltakarar per gudsteneste på søndagar og helgedagar. I 2014 var gjennomsnittet 87, så her ser vi ei lita auke.
Det vart arrangert færre familiegudstenester i 2015 enn året før. Dette skuldast i hovudsak omlegging i korleis ein del trusopplæringstiltak er organisert. Snittdeltakinga på familiegudstenester var 105 i 2015, mot 96 i fjor. På julaftan gjekk det 808 personar til gudsteneste i Radøy, mot 820 året før.
Det vart halde 25 gudstenester med nattverd i året som gjekk, med i gjennomsnitt på 36 nattverdsgjester per gudsteneste. Dette er ei auke frå 2014 då gjennomsnittet låg på 31.
Kyrkjelege handlingar
- Antall dåp: 61
- Antall konfirmantar: 67
- Antall vigsler: 12
- Antall gravferder: 43
Desse tala er ganske stabile. Vi ser at dei fleste som er medlem i Den norske kyrkja på Radøy vel å døype borna sine. Storleiken på konfirmantkulla varierar frå år til år, og deltakarprosenten er høg.
Konsertar og kulturarrangement
- Antall konsertar arrangert av kyrkjelyden: 7
- Antall konsertar arrangert av andre: 8
Snittdeltakinga på kyrkjelyden sine konsertar låg på 116 (mot 76 i 2014), medan konsertane arrangert av eksterne leigetakarar hadde eit snitt på 127 (170 i 2014).
Offer, innsamlingar og gåver
- Innsamla offer i gudstenester: kr 206 000
Av dette gjekk kr 58 539 til eige arbeid. - Innsamla via kyrkjelyden si gjevartenesta:
kr 11 241 til eige arbeid. - Innsamla ved kyrkjebasarar og fasteaksjon: kr 257 370
Av dette gjekk kr 174 963 til eige arbeid.
Inn- og utmeldingar
Det var 1 innmelding og 10 utmeldingar hjå oss i 2015.