Informasjon i høve korona og smittevern

SAKA VERT OPPDATERT! Sist oppdatert 14.01.22. Kyrkja ynskjer å vere ein stad for folk, både i kvardagen og no i denne tida. Vi fylgjer dei nasjonale, regionale og lokale råda i høve restriksjonar og smittevern.

Informasjon i høve korona og smittevern

Smittevernet i kyrkja byggjar på 6 hovudprinsipp:

  1. Sjuke personar skal ikkje delta på fysiske samlingar.
  2. Gode rutinar for hygiene, handvask og reinhald.
  3. Minst mogleg felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  4. God avstand mellom alle som deltar.
  5. Tilstrekkeleg bemanning til stades.
  6. Avgrense antalet sosiale kontaktar.

SISTE NYTT:

Sist oppdatert 14.01.22 - Torsdag 13.01.22 kom det nye nasjonale smittevernsrestriksjonar på nasjonalt plan. Dette vil påverke kyrkja den neste tida med følgande:

Det er påmelding via kyrkja.no/sula til alle arrangement i kyrkja. Ein får tilvist fast plass.

På arrangementer i kyrkja er det tillate med inntil 200 personar med faste tilviste plassar. Her vil kyrkjebygga på Sula legge føringar:

I Langevåg kyrkje kan det med desse smitteverntiltaka samlast ca. 175 personar. I Indre Sula kyrkje ca. 90 personar. Tala er ikkje absolutte då samansetninga av deltakarane kan spele inn. Ein utpeikt person, med ansvar for smittevern under arrangementet, tar avgjerd om kva tid det er fullt.

Registrer deg/ gjer deg til kjenne i døra når du kjem. Få tilvist fast plass.
Namneprotokoll, i dette høve påmeldingslista, brukast berre i høve smittesporing, og vert makulert etter 14 dagar.

Elles gjeld:

        • Hald 1-meter avstand til andre
        • Sprit hender
        • Bruk munnbind ved inn/utgang eller om du ikkje klarer å halde meteren
        • Hald deg heime om du er sjuk.


Vi tek sikte på å kunne gjennomføre dei fleste arrangement vi har på agendaen i januar med forbehald om endringar og om det skulle komme ytterlegare restriksjonar.

Dei som leiger kyrkjene til eigne arrangement/konsertar er sjølve ansvarlige for å etterkomme smittevernsrestriksjonar som nevnt over.

(Historikk arkiv under)

  • Frå 15.12.2021 - Tirsdag 14.12.21 kom det nye nasjonale smittevernsrestriksjonar på nasjonalt plan. Dette vil påverke kyrkja fram til nye tiltak trer i kraft medio januar 2022 med følgande:

    På arrangementer i kyrkja er det tillate med kun 50 personar med faste tilviste plassar. 

    Når du kjem til kyrkja skal du melde deg/eller skrive deg inn i namneprotokollen for arrangementet. Denne brukast berre i høve smittesporing, og vert makulert etter 14 dagar.

    Elles gjeld:
  • Hald 1-meter avstand til andre
  • Sprit hender
  • Registrering i døra - namneprotokoll i høve smittesporing
  • Munnbindpåbud
  • Hald deg heime om du er sjuk.
    • Frå 08.12.2021 - Tirsdag 07.12.21 kom det nye nasjonale smittevernsrestriksjonar på nasjonalt plan. Dette vil påverke kyrkja den neste tida med følgande:

      På arrangementer i kyrkja er det tillate med inntil 200 personar med faste tilviste plassar. Her vil kyrkjebygga på Sula legge føringar:

      I Langevåg kyrkje kan det med desse smitteverntiltaka samlast ca. 200 personar. I Indre Sula kyrkje ca. 100 personar. Tala er ikkje absolutte då samansetninga av deltakarane kan spele inn. Ein utpeikt person, med ansvar for smittevern under arrangementet, tar avgjerd om kva tid det er fullt.

      Når du kjem til kyrkja skal du skrive deg inn i namneprotokollen for arrangementet. Denne brukast berre i høve smittesporing, og vert makulert etter 14 dagar.

      Elles gjeld:
    • Hald 1-meter avstand til andre
    • Sprit hender
    • Registrering i døra - namneprotokoll i høve smittesporing
    • Bruk munnbind ved inn/utgang eller om du ikkje klarer å halde meteren
    • Hald deg heime om du er sjuk.

Vi tek sikte på å kunne gjennomføre dei fleste arrangement vi har på agendaen i desember med forbehald om endringar og om det skulle komme ytterlegare restriksjonar.

Dei som leiger kyrkjene til eigne arrangement/konsertar er sjølve ansvarlige for å etterkomme smittevernsrestriksjonar som nevnt over.

Frå 25.09.21 gjeld følgande angåande arrangement i kyrkja:

Frå 25.09.2021 - Med økt vaksinasjonsdekning i befolkninga og ein ny fase av pandemien er mange smitteverntiltak for befolkninga tatt bort. Denne fasen kallast normal kvardag med økt beredskap.

De generelle smittevernråda som å halde seg heime når ein er sjuk og ha god hoste- og handhygiene gjeld framleis. Andre råd og tiltak kan takast i bruk lokalt eller nasjonalt dersom smittesituasjonen gjer det nødvendig. Kyrkja følg dei kommunale råda og tiltaka i så høve.

 

Frå 20.06.21 gjeld følgjande angåande arrangement i kyrkja: 

  • På arrangementer i kyrkja er det tillate med inntil 200 personar om ein klarer å halde korrekt avstand på ein meter mellom kohortane - i dette tilfellet husstandar. Her vil kyrkjebygga på Sula legge føringar. 
  • I Langevåg kyrkje kan det med desse smitteverntiltaka samlast ca. 200 personar. I Indre Sula kyrkje ca. 100 personar. Tala er ikkje absolutte då samansetninga av deltakarane kan spele inn. Ein utpeikt person, med ansvar for smittevern under arrangementet, tar avgjerd om kva tid det er fullt.
  • Når du kjem til kyrkja skal du skrive deg inn i namneprotokollen for arrangementet. Denne brukast berre i høve smittesporing, og vert makulert etter 14 dagar.

Frå 26.04.21 gjelder følgjande angåande arrangement i kyrkja: 

  • 26.04.21 kom det nye lokale tiltak grunna økt smittetrykk i kommunene Ålesund, Giske og Sula. Tiltaka varer til midnatt 09.05.21.
  • Det blir maks 20 stk. under gudstenester. Påmelding via nettsida: kyrkja.no/sula
  • I gravferder er det maks lov å ha 50 personar til stades.
  • 2 meters avstand gjeld.
  • Det er påbudt med munnbind om ein ikkje klarar å halde 2 m avstand til andre.
  • Øvrige smittevernsreglar og restriksjonar gjeld framleis. Følg anvisningar i kyrkjene.

Frå 16.04.21 gjeld følgjande angåande arrangement i kyrkja: 

  • På arrangementer i kyrkja er det tillate med inntil 100 personar om ein klarer å halde korrekt avstand. Her vil kyrkjebygga på Sula legge føringar.
  • På arrangement med allsong er det anbefalt 2 meter mellom kvar husstand, skulder til skulder i alle retningar.
  • I Langevåg kyrkje kan det med desse smitteverntiltaka samlast ca. 85 personar. I Indre Sula kyrkje ca. 50 personar. Tala er ikkje absolutte då samansetninga av deltakarane kan spele inn. Ein utpeikt person, med ansvar for smittevern under arrangementet, tar avgjerd om kva tid det er fullt.
  • Når du kjem til kyrkja skal du skrive deg inn i namneprotokollen for arrangementet. Denne brukast berre i høve smittesporing, og vert makulert etter 14 dagar.
  • Alle får tilvist fast plass under arrangementet, og skal sitte der til arrangementet er ferdig, med unntak av nødvendige ærend som til dømes toalettbesøk, gå fram ved dåp og nattverd, eller liknande.

Frå 21.03.21 gjelder følgjande angåande arrangement i kyrkja: 

  • 21.03.21 kom det nye nasjonale tiltak som gjer at alle aktivitetar utanom gravferder er innstilt fram til 11.04.21. 
  • I gravferder er det maks lov å ha 50 personar til stades.
  • 2 meters avstand gjeld.
  • Det er påbudt med munnbind om ein ikkje klarar å halde 2 m avstand til andre.
  • Øvrige smittevernsreglar og restriksjonar gjeld framleis. Følg anvisningar i kyrkjene

Frå 23.02.21 gjelder følgjande angåande arrangement i kyrkja: 

  • På arrangementer i kyrkja er det tillate med inntil 100 personar om ein klarer å halde korrekt avstand. Her vil kyrkjebygga på Sula legge føringar.
  • På arrangement med allsong er det anbefalt 2 meter mellom kvar husstand, skulder til skulder i alle retningar.
  • I Langevåg kyrkje kan det med desse smitteverntiltaka samlast ca. 85 personar. I Indre Sula kyrkje ca. 50 personar. Tala er ikkje absolutte då samansetninga av deltakarane kan spele inn. Ein utpeikt person, med ansvar for smittevern under arrangementet, tar avgjerd om kva tid det er fullt.
  • Når du kjem til kyrkja skal du skrive deg inn i namneprotokollen for arrangementet. Denne brukast berre i høve smittesporing, og vert makulert etter 14 dagar.
  • Alle får tilvist fast plass under arrangementet, og skal sitte der til arrangementet er ferdig, med unntak av nødvendige ærend som til dømes toalettbesøk, gå fram ved dåp og nattverd, eller liknande.

03.01.21: 3. januar kom det nye nasjonale tiltak som gjer at alle aktivitetar utanom gravferder er innstilt fram til 18.01.21. I gravferder er det maks lov å ha 50 personar til stades. Øvrige smittevernsreglar og restriksjonar gjeld framleis. Følg anvisningar i kyrkjene.

03.12.20 : Smittevernsrestriksjonar som kom 06.11.20 er framleis gjeldande og vil gjelde ut året 2020.

Fredag 06.11.20 kom det nye nasjonale restriksjonar i høve smittevern for Den Norske kyrkja. Det vil seie at frå måndag 09.11.20 kan det være maks 50 stk. deltakarar i kyrkja under kyrkjelege handlingar, som gudsteneste, dåp, vigsel og gravferd.

Øvrige smittevernsreglar som hand-desinfisering, 1-meters avstand, unngå klemming og handhelsing, unngå køar og samanstimling samt at ein bør halde seg heime om ein ikkje kjenner seg frisk gjeld framleis. Vær ute i god tid for å få plass.
Tilsette i kyrkja syter for desinfisering jamnleg.

Føring av namneprotokoll
Ordninga med namneprotokoll er eit pålegg frå myndigheitene i høve evt. smittesporing. Denne lista blir sletta etter 14 dagar.
Vi vil informere om at vi no nyttar underskift og at ALLE besøkande må skrive seg på denne lista. (Oppdatert 03.12.20)

Nye smittevernsrestriksjonar frå 15.06.20
Det blei frå 15.06.20 opna for å være 200 stk. under kyrkjelege handlingar. Dette med framleis skjerpa fokus på øvrige smittevernsreglar som handdesinfisering, 1-meters avstand, unngå klemming og handhelsing, unngå køar og samanstimling samt at ein bør halde seg heime om ein ikkje kjenner seg iform. Vær ute i god tid for å få plass. Tilsette i kyrkja syter for desinfisering jamnleg.

Føring av namneprotokoll
Ordninga med namneprotokoll er eit pålegg frå myndigheitene i høve evt. smittesporing. Denne lista blir sletta etter 10 dagar. Vi vil informere om at vi no nyttar underskift og at ALLE besøkande må skrive seg på denne lista. (Redigert 09.09.20)

Fredag 08.05.20 kom det oppdatert smittevernleiar for gudstenester og kyrkjelege handlingar frå Den Norske kyrkja sentralt. Noko som vil sei at det frå denne datoen er lovleg med 50 stk. samla ved kyrkjelege handlingar som gravferd, vigsel og dåp. Ansatte i kyrkja kjem utanom dette. Det er framleis strenge restriksjonar i høve smittevern som gjeld og avstand er satt til 1 meter. Andre smittevernreglar må også fylgjast for å oppfylle øvrige restriksjonar. 

Ta kontakt med kyrkjekontoret for å gjere ein avtale i høve dåp og vigsel.

Det er også komen eit krav om oversikt på kven som er tilstades på dei ulike arrangementa. Det skal førast namneprotokoll i høve føreskrift:

Covid-19-føreskrift §13 seier dette: «Arrangøren skal ha oversikt over kven som er tilstades, for å kunne bistå ved ein eventuell seinare smittesporing. Dersom det for å finne tilbake til deltakarane er naudsynt å nedtegne ein eigen oversikt, skal denne slettast etter 10 dagar.»

Vi vil legge fram lister som ein kan signere på ved alle kyrkjelege handlingar. Listene ligg i hovudinngong i kyrkjene og ein skriv seg på før ein kjem inn i kyrkjerommet.
Listene vil bli sletta/makulert etter 10 dagar. Takk for forståing og hjelp!

Tirsdag 28.04.20 blei det letta litt på dei strenge restriksjonane frå Sula kommune noko som vil sei at det frå denne datoen er lovleg med 50 stk. samla ved kyrkjelege handlingar som gravferd, vigsel og dåp. Det er framleis strenge restriksjonar i høve avstand som no er satt til 2 meter. Andre smittevernreglar må også fylgjast for å oppfylle øvrige restriksjonar. 

Ta kontakt med kyrkjekontoret for å gjere ein avtale i høve dåp og vigsel.

Frå fredag 20.03 er det komen strengare restriksjonar i høve gravferd og antal. Talet er no maks 20 personar, dette inkludert bemanning frå kyrkje og gravferdsbyrå!

Kyrkjekontoret vert frå måndag 16. mars stengt for publikum etter vedtak av Sula kommune om stenging av rådhuset. Tiltaket gjeld inntil vidare.

Frå tysdag 16.03 er det komen nye og strengare restriksjonar i høve arrangement - det er kun lov å være samla maks 25. stk. I gravferder så er talet på maks. 20 stk.

 

 

I følgje Sula kommune så er det frå 16.03 blitt gitt strenge restriksjonar i høve arrangement,
noko som vil påverke tilbodet i kyrkja:

Retningsliner frå Sula kommune:
Det er innført forbod mot arrangement og samlingar med over 25 personar.
https://www.sula.kommune.no/aktuelt/informasjon-om-koronaviruset.6802.aspx


Avlysing av arrangement 
Dette vedtaket gjer at vi frå 12.03 avlyser alle arrangement i regi av kyrkja, men at vi ynskjer å vere tilgjengeleg. 

Ynskjer ein kontakt med prest eller diakon i høve samtale så kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 70 19 96 00 eller ringe vakttelefonen vår: 408 48 923 så sett vi deg i kontakt med rette vedkommande.

Gravferd, vigsel og dåp
Gravferder, vigsler og dåp vil bli gjennomført som avtalt med nokre restriksjonar; då med maks. 20 stk. tilstade på desse arrangementa. Gravferder blir gjennomført "I Stillhet". Vi fylgjer råd og restriksjonar frå Sula kommune og regjeringa som blir oppdatert fortløpande.

Ring kyrkjekontoret på telefon 70 19 96 00 ved spørsmål.

Mvh 
Sula sokn

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"