Stor suksess med barnegudsteneste!

Søndag 14. juni kl.11.00 hadde vi for første gong Barnegudsteneste i Indre Sula kyrkje. Barnegudsteneste er ei spesiell gudsteneste, tilrettelagt for småbarnsfamiliar med barn opp til ungdomsskulealder.

Stor suksess med barnegudsteneste!

Barnegudstenesta var eit initiativ frå dei frivillige som driv søndagsskule i kyrkjelyden vår. Dei ynskte seg ei gudsteneste med nattverd som hadde søndagsskulebarna og familiane deira som målgruppe.

Denne første gongen fekk vi besøk av klovnen Lalalailala (Laila Storeide) som hadde preike for borna, og teksten for preika var Johannes 3,16. Ho formidla både med humor og engasjement om Guds kjærleik til oss menneske.

Med matter på golvet som ungane kunne sitte på og band som spelte til songane blei dette ei fin samling for små og store. Med eit godt oppmøte, håper vi dette er noko vi kan bygge vidare på og at vi skal få til fleire slike Barnegudstenester til hausten.

Takk for initiativet og engasjement frå søndagsskule-gjengen!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"