Konfirmasjonane blir utsett til hausten 2020!

Kjære alle konfirmantar og foreldre/føresette! Som de veit gir situasjonen i landet vårt mange utfordringar. For oss gjeld det no konfirmasjonane. Kyrkjelydane i distriktet, Sula inkludert, har bestemt seg for å følge dei nasjonale råda om å utsette konfirmasjonane til hausten.

Konfirmasjonane blir utsett til hausten 2020!
Dette på bakgrunn av smittevernstiltaka som gjeld no, og fordi vi ikkje veit kva reglar som gjeld for antall personar samla i lag, eller for reise i eller til og frå Norge dei neste vekene. Denne beslutninga blir ikkje endra, så de kan trygt avbestille selskapslokaler de har bestilt no i mai.
 
Vi håper at situasjonen utviklar seg raskt i positiv retning, slik at vi kan gje dykk sikre datoar for hausten så fort som råd. Vi vil forsøke å koordinere konfirmasjonane med dei andre kyrkjelydane i området, slik at det ikkje blir stort trykk på få helger.

Vi skal  kunngjere datoane samtidig som våre nærliggande kyrkjelydar, slik at det blir mest mulig likt for alle å skaffe seg lokaler og liknande. Dette blir tidligast annonsert etter påske. De vil få beskjed om kunngjeringsdato på førehand.

Vi er lei oss for at vi har kome i denne situasjonen. Vi veit at mange har planlagt og gleda seg til konfirmasjonsdagen. Men vi lovar at når dagen kjem så skal vi lage fest i kyrkja for dykk alle.

Ta kontakt om de lurer på noko, eller om de berre vil snakke litt. Prestane, diakon Ingvild og eg er tilgjengelig for samtale. Ta kontakt med kyrkjekontoret eller oss direkte. Info finn de på nettsida vår.

Det vil etter kvart i dagane framover bli lagt ut små drypp til oppmuntring på Facebooksida vår.
Vi forsøker også å få sendt nokre gudstenester via streaming. Følg gjerne med oss!
 
 
Helsing Barbro
på vegne av Sula kyrkjelyd
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Tirsdag-fredag 10:00-14:00

E-post
post@kyrkja.sula.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Steinhaugen 2, 6030 Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågsvegen 46, 6037 Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"