Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Vedtekter for kyrkjegardane i Sula

Jfr. lov av 07.juni 1996 nr. 32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd (gravferdsloven ) § 21.Vedteke i Sula sokneråd 12.06.97, - SR-sak 34/97. Godkjent av Møre bispedømeråd 18.08.1997

§ 1 BRUK AV KYRKJEGARDEN
Avlidne personar i kommunen skal gravleggast på den kyrkjegarden dei soknar til, dersom dei ikkje vert gravlagde i ei anna kommune.
Folk som ikkje er fast busette i soknet når dei døyr, kan få gravplass etter løyve frå soknerådet. Ved slike høve vert det kravd betaling etter dei fastsette takstane.
§ 2 FREDINGSTID OG FESTETID
Fredingstid for askeurner er 20 år.
Fredingstid for kister er 20 år.
Festetida er 5 år.
§ 3 FESTE AV GRAV
Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av. Desse gravene utgjer då ein gravstad.
Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sidan av.
Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 år. Når det er gått 60 år frå siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykke frå soknerådet.
Utan særskilt løyve frå soknerådet vert festegrav berre nytta som gravplass for festaren og ektefellen, slekt i linje opp eller ned, første sidelinje og like nære inngifte.
Ingen kan gravleggast i festa gravstad utan løyve frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan hentast inn, kan soknerådet avgjere spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar å melde frå om endring av adresse.
I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.
§ 4 GRAV OG GRAVMINNE
Kyrkjegardsarbeidarane vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Det er høve til å setje opp gravminne på gravene. Kyrkjeverja kan typegodkjenne dei mest brukte gravminna. Gravminne som ikkje er typegodkjende krev særskilt godkjenning av kyrkjeverja.
På ny festa gravstad set ein opp gravminne sentralt i bakkant av gravstaden.
§ 5 PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet.
Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting, slikt som liggjande plater, blomsterurner, lykter m.v. i plantefeltet. Lause dekorting skal fjernast etter bruk.
Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som flukter med terrenget rundt.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.
§ 6 PLANTETILFANG
Plantar, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav som endar som avfall, skal vere heilt komposterbart.
§ 7 STELL AV GRAV
Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje er tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av kyrkjegardsarbeidarane.
Dei som ynskjer det, kan tinge årleg vedlikehald og planting mot å betale den avgifta som til ei kvar tid er fastsett i betalingssatsane for kyrkja og kyrkjegardane.
§ 8 GRAVLEGAT
Dei som ynskjer det, kan gjere avtale om å setje av ein sum på særskilt konto til dekking av utgifter til planting og vedlikehald av ei eller fleire graver. Gravlegata vert forvalta av kyrkjeverja. Gravlegata vert forvalta i fellesskap, men legatstyraren fører eigen rekneskap for kvart legat som vert revidert årleg. Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidla.
Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid.
Gravlegat kan ikkje opprettast slik at det varer lengre enn den fredningstida eller festetida som ligg framfor. Dersom det oppstår slike økonomiske høve i legattida at midlane ikkje rekk til, skal legatstyraren gi melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren. Det er då høve til å auke legatet slik at det rekk tida ut. Imotsett fall held vedlikehaldet opp når det ikkje er meir pengar att på kontoen.
Dersom der er midlar att av legatet når tida er ute, vert midlane nytta til allmenne føremål på kyrkjegarden etter vedtak i soknerådet.
§ 9 BÅREROM
Soknerådet disponerer båreromma. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.
§ 10 NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå soknerådet. Løyvet kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.  Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.
Kyrkjegardsarbeidarane kan ikkje mot godtgjering utføre tenester for private eller næringsdrivande.  Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer eller tenester som har med kyrkjegarden å gjere.
§ 11 ANDRE HØVE
Føreskrift til lov om kirkegårder, kremasjon og gravferder fastsett av Kirke-,utdannings- og forskningsdepartementet 10. januar 1997, vert gjort gjeldande i tillegg til dei lokale reglane.

Kontaktinformasjon for Sula kyrkjelyd

Telefon
70 19 96 00
Mandag-fredag 10:00-14:00

E-post
kyrkjekontoret@sula.kommune.no

Kyrkjekontoret
Sloghaugvegen 13, Langevåg 
(Sula Rådhus)

Postadresse
Postboks 228
6039 Langevåg

Langevåg kyrkje
Råsa 41, Langevåg

Indre Sula kyrkje
Bjørkavågv, Eidsnes

 

Gi ei gåve til Sula sokn >

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"