Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Barn og unge

Vi i Sund sokn har ulike barne- og familiearrangement i Kausland og Sund kyrkje; korarbeid, Betweensklubb, myldredag og søndagsskule. Vi ynskjer at alle som deltek i arbeidet vårt skal få kjenna seg velkomen og inkludert i fellesskapet. Vi håpar å få møta alle med respekt og at den enkelte blir sett. Det aller største ynskje vi har, er at Guds kjærleik skal bli formidla gjennom ordet, fellesskapet og i aktivitet. Der barn, ungdomar og vaksne blir tryggare i trua si på Jesus og der fellesskapa våre er ein plass kor trua får gode vekstvilkår og det er rom for utvikling av heile mennesket. Det er også viktig for oss å byggje bru mellom generasjonane, difor har vi mellom anna myldredag; vi har så mykje å gi til kvarandre og å lære frå kvarandre

Barne- og familiearbeid i Sund kyrkje:

Myldredag er for heile familien: Vi møtes i kyrkjekjellaren i Sund første tysdag i månaden, eller i Kausland kyrkjelydshus tre onsdagar i halvåret, klokka 17.00-19.00. Det er middag, bibelforteljing og ulike aktivitetar.

Betweensklubben, frå 4. klasse og oppover. Vi møtes ein tysdag i månaden i kyrkjekjellaren, Sund kyrkje, frå klokka 17.30-19.30 til leik, spel, aktivitetar, andakt og kveldsmat.

Stjernekor (4 år- 3. klasse) øver i Sund kyrkje annankvar tysdag klokka 17.30-18.30.

Betweenskoret (4. klasse og oppover) øver i Sund kyrkje annankvar tysdag klokka 18.30-19.30.

Lovsongskveldar med kveldsmat er for alle aldrar to – tre gonger i halvåret.

Sjå pdf-fil under for program våren 2018. 

Kontaktinformasjon for Sund kyrkjelege fellesråd

Postadresse:Øygarden kyrkjelege fellesråd, Tytebærbrekko 2, 5353 Straume

Besøksadresse: Temahuset - andre etasje, 5353 Straume (du kan gjere avtale for å besøke kyrkjekontoret i Sund)

Kyrkjekontoret si ekspedisjonstid: Måndag til fredag 10.00-14.00

Sentralbord: 55 09 74 40

E-post: post.oygarden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"