Dåp i Sund

For avtale om dåp i Sund kyrkje eller Kausland kyrkje, ta kontakt med kyrkjekontoret i Sund på telefon 56319080 eller e-post: kyrkjekontoret@sund.kommune.no

Når eit barn vert boren til dåp vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen vert vi ein del av eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider.

Det er ein markering der bornet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følge bornet alle dagar.

Jesus døypte ikkje, men utfordra menneske han møtte til å vere saman med han og følge han. Etterfølgarane til Jesus fekk i oppdrag å gje dåpen vidare til menneske over heile verda og å undervise om Gud sin gode vilje med menneska sine liv.

Sitat

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Evangeliet etter Johannes, kap. 3, vers 16