Gjennom regelmessige samlingar får konfirmantane møta den kristne trua i form av undervisning og deltaking på gudstenester. Vi har også ei rekkje andre spennande og gøye samlingar som t.d. Bibel&Pizza, media-seminar, taco-night og innsamlingsaksjon. Det som for mange konfirmantar står som høgdepunktet, er helga vi reiser på leir saman i januar!
Konfirmantane får ikkje berre møte den kristne trua gjennom å passivt lytta til undervisning – dei deltek sjølv, til dømes ved å samle inn pengar til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Sør-Amerika.
Hos oss er du hjarteleg velkomen som konfirmant, anten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig på den kristne trua, og vi vil at også du skal få koma til ordet med dine spørsmål, tankar og meiningar!