Vigsel i kyrkja

Vigsel er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gitt med vitne til stades.

Dei som ønskjer å gifta seg i Sund kyrkje eller Kausland kyrkje, må først ta kontakt med kyrkjekontoret i Sund for å avtale dato for bryllaupet. Kontakt oss på telefon: 56319080 eller e-post: kyrkjekontoret@sund.kommune.no.

Så må kvar av brudefolka fylle ut "Erklæring for prøving av ekteskapsvilkåra", og kvar av forlovarane må fylle ut "Forlovererklæring". Desse papira kan ein laste ned frå Skatteetaten.no (Det er Skatteetaten som har ansvar for Folkeregisteret). Ein leverer/sender dei ferdig utfylte papira til Folkeregisteret som skriv ut ein såkalla PRØVINGSATTEST. Den skal leverast kyrkjekontoret før vigselen.