Til deg

Å vere kyrkje utan å kunne opne kyrkja og invitere deg inn er ei ny og uvand kjensle. Å ikkje kunne samlast til gudsteneste for å syngje saman, be, feire nattverd, lytte til fin musikk og ha den gode praten under kyrkjekaffien, - ja, det er eit tap.

Til deg

Difor er det viktig for oss å seie: vi er framleis ein kyrkjelyd, og vi har framleis eit oppdrag i den tida som no er, sjølv om føresetnadene er endra. Vi treng Gud, vi treng kvarandre og verda treng oss.

Lag deg di eiga rutine for å lese eit ord frå Bibelen og be di enkle bøn. Ring nokon om du kjenner deg åleine, - og spør nokon om å be for deg om du er redd eller uroleg. Ta gjerne kontakt på telefon/e-post med nokon av oss som arbeider i kyrkja. Vi kan stå saman om vi ikkje er saman.

I Salmeboka vår er det ei gruppe salmar og songar merkte med temaet «Trengsel og trøyst». Ei av desse er frå Sør-Amerika og er ei håpstango. Vi helsar deg med refrenget frå denne salmen og bed om Guds velsigning over deg.

Salme 479 – Fordi han kom

«Så kan vi holde ut i vonde tider,
så vet vi Gud er nær selv når vi lider,
så kan vårt brutte håp som solen stige,
Gud er hos oss!»

Ingvald Andersen Frøyen

Sokneprest i Førde, Holsen og Haukedalen

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"