Velkomen i kyrkja i jula!

Også i år blir det påmelding til julegudstenestene i Gaular. Lenkjer til påmelding finn du nedanfor, men får du problem kan du sende melding til oss på Facebook og vi vil prøve å hjelpe. Fristen for påmelding er veslejulaftan kl.12.00.

Velkomen i kyrkja i jula!

Du kan melde på ein eller fleire personar, men pass på at du ikkje melder på den same personen fleire gongar. Den første personen du legg til, vil kome opp som kontaktperson for påmeldinga. I tillegg til namn, må du oppgi enten ei e-postadresse eller eit mobilnummer. Dersom den påmeldte ikkje har mobil/e-post, så oppgi kontaktopplysningar til næraste føresett/kjenning.

Når du har meldt på alle i gruppa di, klikk på "avslutt og send stadfesting". Då vil du få ei e-postmelding med ei lenkje du kan bruke om du vil endre påmeldinga. Du treng ikkje ta med e-posten i kyrkja.

Når du kjem inn i kyrkja vil du få tilvist ein fast plass å sitje. Dei som er i same husstand kan sitje i lag. Vi ber om at alle brukar munnbind.


Julaftan:
Bygstad kl.11.00

Viksdalen kl.13.00

Sande kl.15.00

1. juledag på Sande kl.13.00 er det ikkje påmelding.

Vi ynskjer alle ei velsigna julehøgtid!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"