Sande kyrkje treng deg

Det er mange praktiske oppgåver rundt avvikling av gudsteneste eller anna arrangement i kyrkja.  Presten har sine oppgåver og organisten sine.  Saman med kyrkjetenar utgjer dei eit godt arbeidsteam.  Vi manglar kyrkjetenar i Sande kyrkje.  Kan dette vere noko for deg?

Sande kyrkje treng deg

Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til avvikling av gudstenester, ein eller to søndagar pr mnd, og når det er vigsle eller konsert.  Ved gravferd tek kyrkjegardsarbeidaren kyrkjetenar-rollen.   Ved gudstenester har kyrkjetenar ansvar m.a. for å  setje på/slå av varme (pr telefon), låse opp/låse att kyrkja, finne fram det utstyret som trengs til gudstenesta, rydde dette på plass, lese bøner, bibeltekst for dagen og kunngjeringar. Reinhald er ikkje ein del av stillingen, anna enn nødvendige smitteverntiltak knytt til gudstenestene.

Kjenner du nokon andre som kan utfordrast til dette – snakk med vener og naboar, og hjelp oss å sikre gode hjelparar til presten. Det fortener han. Han kan ikkje ta ansvar for alt åleine. 

Ta kontakt med kyrkjeverje Inger 41694472 eller Frode 95100916 om du har spørsmål til dette, om du kan tenke deg dette, eller har tips om konkrete personar du tenker vi bør utfordre.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"