Korleis er stoda i Gaular sokn?

Det spørsmålet  lurer det nye soknerådet i Gaular sokn på.  Difor har soknerådet eit ønskje om at så mange som mogeleg svarar på ei spørjeundersøking – same kvar ein bur eller kor mykje eller lite ein brukar kyrkjelyden sine tilbod.  Dess fleire som svarar, dess betre kan denne undersøkinga hjelpe soknerådet til å velje ut kva område ein bør satse på og setje inn tiltak der ein ser at vi har potensiale til å bli til betre.

Korleis er stoda i Gaular sokn?

Soknerådet er fullt klar over at vi stadig blir oppringt frå ulike spørjeundersøkingar og stadig blir bedne om å gje tilbakemeldingar i hytt og pine.  Vi vonar likevel at folk vil bruke nokre minuttar på denne spørjeundersøkinga, - for dette gjeld oss!  Dette gjeld kyrkja vår og bygda vår og er til beste for sambygdingane våre.  Korleis kan kyrkjelyden vår bidra og legge til rette for at vi skal halde på det gode og utvikle oss på ein god måte til teneste for folket i Gaular?

Soknerådet ønskjer at flest mogeleg og alle som kan gir svar digitalt.  Men for at flest mogeleg skal vere med trykkjer vi spørsmåla også i kyrkjebladet.  Anten ein leverer digitalt eller på papir (brevpost eller i postkassen på veggen ved kyrkjelydshuset ) er undersøkinga anonym.  Når alle svar er samla inn vil resultatet bli presentert i kyrkjebladet, i kyrkjelyden sin årsrapport og elles der det er naturleg å bruke den.

For å svare digitalt, gå til https://app.easyquest.com/q/n7ZCj

Gi oss nokre minutt og hjelp oss til å bli betre!  Slik at det kjennest at kyrkja i Gaular er her for deg også!

Soknerådet

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"