Fleire kan delta i samlingar etter 15. juni

Frå 15.6. er det opna opp for inntil 200 deltakarar ved offentlege arrangement, under føresetnad av at det er minst 1 meter avstand mellom personar/hushaldningar. Ingen av kyrkjene våre er store nok til å ha inne 200 personar, når avstandsregelen gjeld.

Smittevernrettleiar for kyrkja er utarbeida av Kyrkjerådet i samarbeid med Bispemøtet, KA - arbeidsgiverorganisasjon for kyrkjelege verksemder og styret i Norges kyrkjeverjelag.  Siste versjon er oppdatert pr 16.6.2020, og kan lesast her:

https://kirken.no/nb-NO/infotilmedarbeidere/smittevernveileder%20for%20den%20norske%20kirke/

Generelt gjeld fortsatt:

  • Sjuke personar skal ikkje ta del i fysiske samlingar
  • God handhygiene (handvask med såpe, eller handsprit)
  • Hald avstand til andre
  • Minst mogeleg felles bruk og berøring av utstyr

 

Fleire kan delta i samlingar etter 15.6.

Frå 15.6. er det opna opp for inntil 200 deltakarar ved offentlege arrangement, under føresetnad av at det er minst 1 meter avstand mellom personar/hushaldningar. Ingen av kyrkjene våre er store nok til å ha inne 200 personar, når avstandsregelen gjeld.

For kyrkjene våre er det mindre enn 1 meter avstand mellom benkene, og vi brukar difor annakvar benk. 

1 meter avstand i benkene betyr 2 sitjeplassar imellom.

Kommunelegen har gitt oss fylgjande defininsjon på «hushaldning»: Personar som permanent bur under same tak.

Basert på at det i hovudsak er enkeltpersonar eller par som kjem saman til kyrkje har vi kalkulert denne kapasiteten i kyrkjene våre:

Kyrkje

Tal sitjeplassar

Viksdalen

60

Sande

70

Bygstad

60

Vassenden

100-140*

Ålhus

40

Helgheim

80

Førde

120

Holsen

50

Haukedalen

30

Naustdal

150

Vevring

42/60**

 

*) 140 når det er opna opp for ekstra lokale ved sida av kyrkjerommet.

**) 60 plassar hvis opning til kyrkjestova bak, og der er 18 enkeltplassar

Oversikt over deltakarane

Det er fortsatt krav til registrering av deltakarane på arrangement, for å sikre eventuelt behov for smittesporing. Namnelistene blir oppbevart i 14 dagar og så makulerte.

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"