Tankar og video på 17. mai

Søndagstankar ved Ingvald Andersen Frøyen, sokneprest i Førde, Holsen og Haukedalen, og Fagert er landet - 17 mai video frå kyrkja i Sunnfjord, laga av Rune Molvik, organist i Jølster.

Tankar og video på 17. mai

Dagens preiketekst Salme 127,1-3

I det norske språket har vi eit sterkt og godt uttrykk som kan brukast på fleire måtar:
«å ta noko for gitt»
«å ta nokon for gitt»

Dersom vi seier om ein person at; «han tok det for gitt at han skulle vinne».
Eller; «ho tok det for gitt at det ville gå bra denne gongen også», så seier vi om desse menneska at dei på ein måte oppfører seg arrogant eller uansvarleg.

Sjølv om du pleier å vinne, og sjølv om du pleier å få det som du vil, - så må du likevel vere førebudd på at du ein dag vil møte motstand. At det ikkje går din veg. At du mislykkast,- ja, at du ikkje kjem først.

Å ta eit menneske for gitt, er endå meir alvorleg. Mange forhold har gått i vasken fordi den eine opplevde seg som luft. «Han tok meg for gitt»,- som noko sjølvsagt, «noko han aldri ville kunne miste». Å ta eit menneske for gitt er å frata dette mennesket verdi.

På sjølvaste nasjonaldagen vår er det god skikk og bruk å gje ære til alle våre landsmenn før og no som har bygt dette landet. Til alle dei som har kjempa fram dei goda, det skuleverket, det helsevesenet, den fridomen og den tryggleiken vi har no. Ein dag der vi stadfestar alt det som vi synest er bra med dette landet vi bur i.

Vi veit at det ikkje er sjølvsagt at vi har det bra, og at vi har fridom og demokrati. Vi vil ikkje ta det for gitt.

Mange av dei mest kjende nasjonalsongane våre har nokre «ver varsam» plakatar så vi ikkje tar heilt av og vert sjølvgode og sjølvtilfredse. Sjette vers i «Gud signe vårt dyre fedreland» er eit nesten ordrett sitat frå Salme 127 i det Gamle testamentet, og dagens tekst frå Bibelen.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja!

Ja, vi er dyktige og vi har kjempa i dette landet, men svært mykje av det vi har og det vi er har vi fått. Landet, naturen, natur-ressursane, borna våre i slekt etter slekt, - alt er dei gåver som kjem til oss. Vår oppgåve er å ta vare på og forvalte det vi har fått og det vi blir gitt ansvar for å forvalte.
I Salme 127, som er ei takkesalme ved fest, så minnest den feirande på at han og ho ikkje må gløyme at livet sjølv er ei gåve. At tida er noko vi får, ikkje noko vi eig. Ja, - at sjølve livet er ei gåve vi må leve og bruke til alt som er godt og ikkje spele det bort.

Vi er framleis eit av dei rikaste landa i verda og eitt av dei landa det er tryggast å bu i no i denne krisa. Samstundes har vi no fått oss ei kraftig påminning om at sjølv vi ikkje er usårbare. At alt ikkje kan kjøpast for pengar, heller ikkje vårt ubegripelege oljefond kan kjøpe oss fri frå den skugga av usikkerheit som pandemien send inn over landet vårt og liva våre.
Årets 17.mai blir ein nasjonaldag for ettertanke og for lengsel, og kanskje også for ei bøn:
«Så vara oss, Gud, så me kan bu i heimen med fred og hyggja!»

Velsigna 17.mai!

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"