Søndagstankar

EIT STØRRE VI «Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov (Gal 6,2).» ved sokneprest i Jølster, Silje Sørebø

Søndagstankar

«Du og Jeg er ikke
rette ord å si. –
Verdens håp er dette
vesle ordet Vi»
Hans Børli

Då statsministeren heldt pressekonferanse for det norske folk 12. mars, la ho tungt innover oss at alle må ta ansvar for at vi som samfunn skal klare å handtere koronaviruset best mogeleg. Det handlar ikkje berre om å trygge oss sjølve, vår eigen familie eller vår eiga bygd. Det handlar om at vi må stå saman for å gjere det vi kan, for at færrest mogleg av dei som er mest sårbare i samfunnet skal bli råka. Det handlar om å ta ansvar for eit større vi.  

Dette er ei påminning som er viktig å ta med seg også når vi har komme oss i gjennom denne krevjande situasjonen.  Når alt har roa seg, kan vi hugse på dei gode eksempla på korleis menneske stilte opp for kvarandre i denne tida, og la det vere til inspirasjon i kvardagen. Vi må ikkje miste av syne  at kvar og ein av oss er ein viktig del av eit større vi, i bygda vår, i landet vårt, men også globalt, i verda.

Kvart år pleier kyrkjelydane å arrangere fasteaksjon til inntekt for Kirkens Nødhjelp. Dette har hovudsakleg vore ein bøsseaksjon, der konfirmantar og andre har gått frå dør til dør. Det har vore stor gjevarinnsats kvart år.  I år  blir ikkje fasteaksjonen gjennomført som bøsseaksjon, for å unngå smittespreiing. Men pandemien som har ramma verda viser oss kor viktig Kirkens Nødhjelps arbeid er. Kirkens Nødhjelp er tilstades i 30 av dei mest sårbare landa i verda. Dei er allereie i gang med opplæring om koronaviruset og smitteforebygging i vass- og hygieneprosjekta Om det ikkje kjem nokon i år på døra vår med bøsse, så blir fasteaksjonen likevel gjennomført digitalt,  og vi kan alle vere med å gje.

Fastetida og fasteaksjonen kan  minne oss om at vi i Sunnfjord er ein viktig del av eit større vi, globalt. Jesus kallar oss til nestekjærleik, der solidaritet med dei mest sårbare står i sentrum. Verdas håp ligg i dette, at vi fylgjer kallet til solidaritet og nestekjærleik, men også i dette at Kristus sjølv levde denne kjærleiken for oss.

For i den kristne trua finn vi ikkje berre den etiske fordringa, men også håpet om eit vi som er mykje større enn vi kan gripe og forstå. Fordi dette vi’et som trua gjev oss del i, også rommar Gud. Ein stor Gud som gjorde seg sjølv liten og sårbar då han vart menneske, i solidaritet og i kjærleik til oss. Ein Gud som bøygde seg ned for å lyfte oss opp og bere våre bører. Ein Gud som i Kristus har vist oss ein kjærleik større enn alt anna. Større enn alt som er mørkt og trugande i denne verda. Større og sterkare enn døden sjølv.

VI SKAL MØTAST
Vi skal møtast
når dette er over,
ved eit bord
i ein smekkfull kafé,
i ei kyrkje,
i midtgangens vrimmel
mot Guds alter
og det som skal skje.
Vi skal feire
Og syngje
og le.

Vi skal gje til kvarandre
eit løfte,
at vi møtast
når vegen er gått.
Når det mørke og vonde er bak oss
Når den prøva vi fekk,
er bestått,
skal vi dele det svar
vi har fått.

Men alt no
veit vi svaret,
vi veit det.
Det å elske kvarandre
er alt,
bere bører når ein har for mykje,
halde oppe
når nokon har falt.
Til å elske,
til det
er vi kalt.

(Tekst: Hans Olav Mørk, 14. mars 2020
Omsetjing til nynorsk: Silje Sørebø)

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"