Ledig stilling: Spesialprest

Vi har ledig 100% stilling som spesialprest for unge vaksne i Sunnfjord prosti med sokna Førde, Naustdal, Ålhus, og Helgheim som tenestestad. Søknadsfrist 26. februar.

Ledig stilling: Spesialprest

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd ligg i Sunnfjord prosti og svarar geografisk til Sunnfjord kommune. I fellesrådet er det eit samla folketal på rundt 22.000. Vi har seks sokn og ti kyrkjer. Hovudkontoret er i Førde, med lokale kyrkjekontor i Naustdal, på Vassenden og på Sande. Den totale staben består av rundt førti fellesrådstilsette og sju prestar, inkludert prost. Prosten leier prestetenesta i prostiet. Det er regelmessige fagsamlinger i prostiet.

No ynskjer vi å gjere ein ekstra innsats inn mot unge og unge vaksne i vårt område!

Spesialpresten vil få ansvar for satsninga retta mot unge og unge vaksne i samarbeid med sokneråd, sokneprest, kateket, diakon, frivillige og dei kristne organisasjonane i områrdet. Kontorstad er i Naustdal. Spesialpresten vil konsentrere innsatsen inn mot arbeid på Jølster, i Naustdal og Førde kyrkjer.  

I skuleåret 2022-2023 er det om lag 200 konfirmantar i dei aktuelle sokna Vi ønskjer å etablere tilbod til konfirmantar og andre unge som til dømes ungdomsklubb og smågrupper. Diakonene vil kunne vere ein ressurs for slike grupper. 

Opplysningar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest), jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter

Arbeidsoppgåver

  • Rekruttere og følgje opp unge som vil delta som leiarar på leirer og konfirmantfestival
  • Reise på landsdekkende leirer i lag med ungdommer
  • Saman med andre tilsette etablere eit tilbod for unge (15-18 år) i Førde
  • Etablere eit gudstenestetilbod for unge vaksne og ungdom
  • Vere delaktig i konfirmantundervisninga
  • Øvrige presteoppgåver som vigsel, gravferd og gudstenester
  • Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja


Kvalifikasjonar

  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum


Personlege eigenskapar

  • Engasjement og motivasjon for å arbeide med ungdom og unge vaksne 
  • God formidlingsevne i møte med barn og unge
  • Evne og vilje til samarbeid 

I tillegg blir det vektlagd

  • Erfaring frå samarbeid med frivillige
  • Erfaring frå arbeid med sårbare barn og unge


Vi tilbyr

  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter stillingskode 1537 prostiprest etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Reiseutgiftar godtgjort etter gjeldande regulativ
  • Arbeidsvegleiing (ABV)

          

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"