Sundagens preike: Det er noko som hastar

Gjekk du glipp av gudsteneste sundagen som var? Her kan du lese bibelteksten for forrige søndag og ei preike som vart halde av ein av prestane i Sunnfjord kommune. Denne gongen er det sokneprest i Jølster, Silje Sørebø som har skrive.

Sundagens preike: Det er noko som hastar

Preiketeksten for 19. søndag i treeiningstida er frå Jesu bergpreike i Matteusevangeliet:
20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket. 21 De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘ Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’ 22 Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: ‘Din tosk!’ skal vera skuldig for Det høge rådet, og den som seier: ‘Din gudlause narr!’ er skuldig til helvetes eld.
23 Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at bror din har noko imot deg, 24 så lat gåva di liggja framfor altaret og gå først og forlik deg med bror din. Så kan du koma og bera fram offeret ditt! 25 Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for dommaren, og dommaren gjev deg over til vaktmannen, og du blir kasta i fengsel. 26 Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre. (Matt 5, 20-26)

Det var sommarferie, og vi var ein gjeng med syskenborn som sat og spelte kort til langt på natt. I siderommet låg ei eldre grandtante og skulle prøve å sove. Ho var nok av den tolmodige typen for ho hadde allereie lege mange timar utan å få sove på grunn av den høgrøysta kortspelinga, men plutseleg kom ho farane inn i stova i den gammaldagse nattkjolen og med hårrullar i håret. I full fart kom ho. Det var tydeleg at det var noko som hasta. Ho såg alvorleg på oss før ho sa: «Eg høyrde kva som blei sagt. Ingen, ingen skal kalle andre for ein idiot! Her er det nokon som må seie unnskyld!» Vi syntest det var veldig som ho tok på veg for dette med idiot, men eigentleg var ho jo ganske så på linje med sundagens tekst der Jesus kommenterer det femte bod: «De har høyrt det er sagt til forfedrane: ‘Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal vera skuldig for domstolen.’ Men eg seier dykk: Den som blir sint på bror sin, skal vera skuldig for domstolen, og den som seier til ein bror: ‘Din tosk!’ skal vera skuldig for Det høge rådet.»

No høyrer det med til historia om kortspelinga at det kortspelet vi spelte heitte Idiot. Men det visste jo ikkje grandtante, og reaksjonen hennar vitna om at ho visste inderleg godt, som vel også er noko av poenget til Jesus i denne teksten, at det ikkje berre er med fysisk vald vi menneske kan øydelegge kvarandre. Det kan vi også gjere med ord og med blikk, med sinne og forakt.

No trur ikkje eg at Jesus nødvendigvis ville all slags sinne til livs. Det å seie tydeleg ifrå kan vere nødvendig når menneske blir krenkt. Jesus vart sjølv sint då læresveinane ville vise bort foreldre som bar små barn til han. Orda i teksten trur eg siktar mot eit sinne og ein forakt som devaluerer andre menneskes verdi og øydelegg relasjonar. Og Jesus lar ingen vere uberørt. For kven har vel ikkje vore sint og sagt sårande ord til eit anna menneske? Ut i frå Jesu si utviding av det femte bod er vi vel alle, på ein eller annan måte, skuldige?

Dei som kjenner meg godt veit at eg er uhelbredeleg distré på ein del område. Særleg dei områda som gjeld nøklar og visakort og andre småting som ein ber med seg. Det som er mitt klarar eg ikkje passa på, og det som ikkje er mitt, det tar eg med meg. Då eg var yngre vart eg av og til litt sliten når andre sa: Hugs det ... og hugs det ... Men veit du ikkje, eg er jo uhelbredeleg distré, eg klarar jo berre ikkje å hugse alt dette, fekk eg lyst å seie.

Eg kan av og til få litt same kjensle når eg les Jesu Bergpreike i Bibelen. Det er utfordrande ord vi høyrer frå Jesus denne sundagen og les vi resten av Bergpreika, er det ikkje mindre utfordrande. Jesus kjem med så godt som umogelege utfordringar. Han ber oss om å elske fiendane våre, be for dei som forfylgjer oss og gjengjelde vondt med godt. Eg får nokon gonger lyst å seie til han: Men dette klarar eg berre ikkje. Eg klarar ikkje alltid å la vere å bli sint og sjølvrettferdig om nokon kritiserer meg! Eg klarar ikkje alltid la vere å såre tilbake! Eg klarar ikkje alltid å gjengjelde vondt med godt i staden for å knuge på bitterheit. Eg har mine uhelbredelege lastar! «Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket», sto det i teksten. Orda får meg ikkje nødvendigvis til å kjenne meg så trygg. For kor stor er eigentleg denne rettferda mi?

Men så er det vel slik, at når vi les heile Det nye testamentet og evangeliet om Jesus kan vi oppdage at den rettferda som gir oss del i himmelriket, ikkje er ei rettferd som vi kan prestere sjølv. Det er ei rettferd som vi får ta imot, frå han som var rett i si ferd på alle måtar. Han som elska syndarar, bad for fiendane sine då han vart krossfest og betalte til siste øret for det han slett ikkje hadde gjort. «Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla» seier Jesus (Matt 5,17) Han oppfylte, levde fullt ut det radikale kjærleiksbodet som han forkynte og slik bragte han himmelriket til oss menneske, ved å gje oss nåden og kjærleiken som elskar oss til tross for våre svik.

Så kunne eg jo nøyd meg med dette denne sundagen. Nøyd meg med å seie at Jesu ord frå Bergpreika viser oss at ingen av oss er fullkomne, men at vi likevel kan få gå heim og kvile i den nåden Gud gjev oss gjennom Jesus. Men eg er ikkje sikker på at det ville vore heilt tilstrekkeleg å stoppe der. For om vi ser nøye på bibelteksten, ser vi at Jesus seier at det er noko som hastar. Noko som gjer at det ikkje alltid er nok berre å kvile i nåden. «Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen», sa Jesus. Det hastar! Jesus seier det med omsorg, for han veit det er viktig for liva våre.

Presten Kjetil Gilberg fortel i ein kommentar til sundagens preiketekst i Vårt land fredag 9. oktober: Skal vi gi opp? To søsken satt på kontoret mitt i et forsøk på å bli forsonet, men det var til ingen nytt. Et stearinlys som sto på skrivebordet var i ferd med å slokne, og jeg tenkte at det spiller ingen rolle. For mørkere enn dette blir det ikke, stemningen var kveldende. «Dere kommer kanskje aldri til å ha noe med hverandre å gjøre. Er det en siste ting dere vil si til hverandre?» Jeg betraktet det som et hellig øyeblikk, da den eldste endelig så inn i øyene til den yngste, og sa: «Fem år er nok, nå må vi ikke kaste bort mer tid. Jeg håper du kan tilgi meg.» Den yngste begynte å gråte, og tørket tårer med håndbaken, «Jeg er glad i deg også, og har aldri villet deg noe vondt.» Så reiste de seg opp, og holdt rundt hverandre som om de var redde for at den andre skulle bli borte. Kontrasten var total, nesten uvirkelig. På et øyeblikk var alt forandret.

Unnskyld! Tilgje meg! Eg tilgjev deg. Eg er glad i deg uansett. Små ord som kan vere så vanskelege å seie nokre gonger og som kan vere så lett å utsetje. Ofte vil vi at det er den andre som skal kome til oss først. Men nettopp i desse små orda finst ei enorm kraft til å forvandle mørke til lys. Og når det hastar så mykje med desse orda, så mykje at det kan få Jesus til å bruke så kraftige ord og bilete som han gjer i teksten, så mykje at det kan få gamle grandtanter til komme farande i full fart i nattkostyme sjølv om dei vanlegvis aldri viser seg om dei ikkje er skikkeleg kledd, når det hastar så mykje med desse orda er det fordi vi menneske treng dei for å bli satt fri. Fri frå fengselet av dårleg samvet, fri frå fengselet av sinne og bitterheit som kan øydelegge og formørke oss og dei relasjonane vi står i. Vi treng dei for å bli satt fri til å leve og elske og for å gjere himmelriket, Gud, lyset og nåden synleg for kvarandre mitt i dei liva som vi lever.


Bøn:
Herre, gjer meg til ein reiskap for din fred.
Hjelp meg å spreia kjærleik der hatet herskar,
tru der tvil råder,
håp der det er angst og naud.

Hjelp meg å få koma med tilgjeving der det er gjort urett,
å skapa forsoning der det er strid,
å spreia lys der det er mørke,
å gje glede der sorg tyngjer.

Meister, hjelp meg å søkja ikkje så mykje å bli trøysta som å trøysta,
ikkje så mykje å bli forstått som å forstå,
ikkje så mykje å bli elska som å elska.

For det er ved å gje at vi får,
ved å tilgje at vi blir tilgjevne,
ved å missa vårt liv at vi finn det.
Det er ved å døy at vi står opp til æveleg liv.

Frans av Assisi

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"