Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Påska er ikkje avlyst

Søndagstankar ved sokneprest i Naustdal, Rigmor Frøyen

Det strammar seg til
Plutseleg er vi på førenamn med Erna og Bent. FHI og korona er ein del av daglegtalen. Leiarane i landet samlast – digitalt eller med 2 meters avstand – til rådsmøte. Kallar inn til daglege pressekonferansar. Eg vil tru at dei spør seg imellom: Kva skal vi gjere? Det strammar seg til, dag for dag. Nye restriksjonar.


Kyrkjeåret går sin gang. Det er siste søndag i faste. Folket flokkar seg om Jesus, fordi han har vekt Lasarus opp frå dei døde. Nokre er over seg av begeistring, andre er svært urolege over det Jesus seier og gjer. «Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera?» Johs 11


Det skrur seg til. Jesus blir oppfatta som ein trussel. Nokre legg planar. Skumle planar. Om å rydde Jesus av vegen. Bli kvitt problemet ein gong for alle.


"PÅSKA ER AVLYST", forkynte ei av dagsavisene. Hytteturar og skiturar vert det lite av. Kyrkjehusa er stengde. Men «kyrkjekroppen» lever! Påska er ikkje avlyst. Menneske har fellesskap på nye måtar. Søkjer saman gjennom skjermen. Ber. Tenner lys. Er der for kvarandre. Lokalsamfunna mobiliserer. Rekkjer ut hender, utan å vere fysisk nær.


Vi blir beordra – om å bli der vi er. Halde oss i ro. Det er krevjande dagar for mange. Jesus festar blikket, og vandrar den tunge vegen. Øvstepresten Kaifas ser kva som skal skje, og seier «Jesus skal døy for folket.»


Kva skal vi gjere, når vi leitar etter lyspunkt og haldepunkt? Vi skal halde fram med å vaske hender, halde avstand, vere solidariske , men vi skal også vi ta vare på kvarandre så godt vi kan. Vi vert inviterte med på ei vandring, midt i denne «korona-kvardagen. Det som hender med Jesus, bryt inn i all vår uro. Jesus kjende også uro .Og veit korleis vi har det! Det strammar seg til. Men vi er ikkje åleine.


I dag tenner vi lys og ber for:
- dei som er permitterte frå jobben og bedrifter i vårt lokalsamfunn som har måtte stenge ned
- dei som er heilt åleine og kjenner på einsemd
- dei som er i sorg
- barn og ungdom, som saknar å vere saman med vener
- alle som står på i ulike tenester for fellesskapet
- (legg til eigne bøne-emne)


Jesus Kristus,
du som sjølv kjende på uro og frykt,
kom oss nær i denne tid!

Gje oss håp!
Gje oss styrke.
Gje oss opne auge og øyre for menneska rundt oss!
Amen

Søndagens tekst er Johannes 11, 45-53

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"