Det er tid for å bryte helgedagsfreden. Kyrkjeklokkene kallar!

Kyrkjene opnar opp igjen for å feire gudsteneste! Det gler vi oss over. Det er likevel nokre restriksjonar. Vi skal ikkje sitje altfor nær kvarandre. Vi skal ikkje handhelse. Likevel, hjarta kan vere nær kvarandre. Eit smil og eit blikk kan syne nærvær og fellesskap. Søndagstankar ved sokneprest i Naustdal, Rigmor Frøyen.

Det er tid for å bryte helgedagsfreden. Kyrkjeklokkene kallar!

Søndagens tekst er kort:

Når Talsmannen kjem, han som eg skal sende dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund. Johs 15,26-27

Å vere eit vitne. Å tale vel om. Fortelje kva trua betyr. Også å våge dele det som er vanskeleg. Det er ikkje alltid trua er sterk som stål. Det kan rive og slite i trua. Men lovnaden er gjeve. Anden skal vere hjelpar og trøystar. Og det er eit felles prosjekt det handlar om. Ordet kyrkje betyr «det som høyrer Herren til». Kyrkja er eit VI, og fellesskapet er ikkje lausrive frå kyrkja sitt opphav.

Mange gler seg over langhelg. Kristi himmelfartsdag vart nok brukt til ulike gjeremål. Vest politidistrikt fekk fleire meldingar om folk som klaga på støy og brot på helgedagsfreden. Lat oss håpe at kyrkja framover ikkje er så fredeleg og stille at ingen merkar nærværet! Lat oss håpe og be om at mange kan kjenne at dei høyrer til og er ein del av denne kyrkja, den lokale og den verdsvide. Pinsetida nærmar seg. Nye raude dagar. Nye dagar for å ta imot og gje vidare. Ta i mot frå livskjelda, dele vidare til dei du møter på di livsvandring. Dele i ord. Dele i handling. Våge å seie: Ja, eg trur. Eg trur på Jesus. Og eg er eit heilt vanleg, oppegåande menneske. Kanskje nokre gongar litt «nedadgåande.» Det er vanlege folk kyrkja består av. Og nokre uvanlege også. Alt etter korleis vi likar å definere oss sjølve. Slik er den heilage, alminnelege kyrkje! Så kjære kyrkjemedlem. Nåde vere med deg!

Ser deg gjerne på søndag! I ei kyrkje i fagre Sunnfjord.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"