Ungdomsdiakon/diakonimedarbeidar i Førde

Ledig 100% stilling: Vi satsar på unge! «Unge og unge vaksne i Førde» er eit nyskapande diakonalt arbeid der kyrkja vil arbeide for å skape sosiale møteplassar både i, og utanfor, kyrkjerommet. Kyrkja ønskjer å vere meir for fleire ved å motverke utanforskap og utforske nye måtar å vere kyrkje på. Gjennom prosjektet ønskjer vi å gje ungdom i ein viktig livsfase eit fast haldepunkt i kyrkja, formidle tru på framtida og samstundes knyte band til den kristne trua.

Ungdomsgruppe - foto Torstein Kiserud

Til å leie dette 3-årige prosjektet treng vi ein medarbeidar som blir trigga av å skape noko nytt og som likar å arbeide oppsøkjande. Dette er ein jobb som passar godt til deg som er diakon, men anna relevant høgskuleutdanning/erfaring vil og bli vurdert. Den som blir tilsett må uansett kjenne til, og brenne for, arbeid med ungdom og kunne arbeide målretta, relasjonelt og tillitsvekkjande med andre aktørar undervegs. Sunnfjord prosti har nyleg tilsett ein spesialprest for ungdom, i tillegg har KFUK KFUM eit aktivt ungdomsarbeid i Førde. Begge deler vil vere sentrale ressursar i arbeidet. Prosjektet blir leia av ei styringsgruppe med representantar frå soknet, stab og KFUM KFUK Førde. Sunnfjord kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar.

Sunnfjord kommune med sin vakre og storslåtte natur har eit samla folketal på rundt 22.000 med Førde som eit naturleg kommune- og regionsenter, her er det mellom anna opna ein ny vidaregåande skule med omkring 1000 elevar.

Arbeidsoppgåver

  • Nybrottsarbeid mot unge og unge vaksne i Førde
  • Relasjons- og tillitsbyggjande arbeid mot enkeltpersonar og miljø
  • Skape sosiale møteplassar i og utanfor kyrkja
  • Samhandling med andre aktørar innanfor kommune- og organisasjonsliv

Kvalifikasjonar

  • Master i diakoni, eller anna relevant høgskuleutdanning
  • Høgare utdanning kan erstattast av relevant erfaring
  • Erfaring frå, og kompetanse i, arbeid for og med unge
  • Erfaring frå frivillig arbeid
  • Kjennskap til kyrkjeleg arbeid
  • Personlege eigenskapar vi legg vekt på
  • Oppsøkjande, nysgjerrig, engasjert og uredd
  • Nettverksbyggjar internt og eksternt
  • Sjølvgåande men med teft for, og glede av, naudsynt team-arbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg miljø med diakonar, prestar og andre kyrkjefaglege stillingar
  • Godt samarbeid med eit aktivt organisasjonsliv
  • Løn i samsvar med avtaleverk for Den norske kyrkja
  • Pensjonsordning gjennom KLP, med 2% trekk av løna som pensjonsinnskott.
  • Spennande utviklingsarbeid for ei viktig målgruppe

 Kvelds- og helgearbeid inngår i stillinga.

Søk stillinga på Webcruiter

Søknadsfrist: 15. november

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"