Kvar fredag i desember samlar babyar med mødrer i kyrkja kl. 10.30. Babyane er i ulike alder, men opplegget fenger alle! Møtet begynner med ei songøkt med ulike songar med rørsler til, babysamba og ein bånsull, og bæ bæ lille lam kjem innom. Høgdepunktet er når alle babyar samlar seg under det store sjalet og mødrer lagar "bølgjer" over dei. Det er og utruleg spanande med såpeboblene på avslutningssongen. Etter songøkta er det tid for ein prat mellom mødrene, medan babyane leikar på golvet, og " pratar" med kvarandre. Det er kjekt at babyane får oppleva songen og det sosiale, men nesten like viktig er det at foreldre kan koma ut og treffa andre, som attpåtil er i same situasjon!
Babysong
Babysong, fredag 8. 15. og 22. desember klokka 10.30-11.30 Informasjon: Kjersti Johanne Nybø, tlf. 916 02 028 eller Jenny Merete Wright Johnsen, tlf. 900.68.187

Babysong med babyer og mødrer