Jubileum for 50/51 og 60/61 års konfirmantar

Mange stader er det tradisjon med å innby til konfirmantjubileum. I Ulvik ynskjer me å invitere til samling av 50/51 og 60/61 års konfirmantar, konfirmert i 1963, 1964, 1973 og 1974, sundag den 11 august 2024.

Jubileumkonfirmantar 2022

Det vert gudsteneste ved sokneprest Anne Marthe Ulvik i kyrkja kl. 11.00.  

Etter gudstenesta vert det servert 2 rettars meny med kaffi på Brakanes hotel. Me vonar de har lyst og høve til å vera med på denne samkoma. Ektefelle/fylgje er og hjarteleg velkomne til å vera med. 

Det vert ein eigendel på kr 575,-  å betala for kvar person. Me må be om innbetaling på førehand, til kto 3450.24.00632. Merk innbetalinga med namn og om de er 50 + eller 60+ konfirmant. Innbetaling seinast 01.08.2024. Betalinga er bindande, kansellering etter 5. august vil ikkje resultera i refusjon. Dei som meldar seg på etter 1.august må sjølv kontakta Brakanes hotell for å bestilla mat. Sjølvsagt er det alltid mogleg å delta i gudstenesta.

Påmelding via skjema nedanfor.

Dersom det vert for få påmelde, ser me oss nøydde til å avlysa. Dei påmelde vil då verta kontakta om dette.

Soknerådet ynskjer alle vel møtt.
Med helsing
ULVIK SOKNERÅD
Anne Marthe Ulvik               Unni Solem              Willemina van Manen
Sokneprest                          Soknerådsleiar         Kyrkjeverje

Påmelding jubileumkonfirmant

Eg/me vil delta på konfirmantfest 11. august 2024
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"