Stamnes Kyrkje er av typen langkyrkje, som blei bygd i 1861 i tre. Arkitekt Holterman. Sakristiet blei påbygd i 1961. Kyrkja har galleri med orgel, og sitjeplassar til ca.250.
Altertavla er av "Kristus og Synderinnen, av Asor Hansen, 1861.
Ramma rundt altertavla er frå 1902.
Preikestolen er i frå 1861. Over preikestolen heng altertavla frå den gamle kyrkja.
Døypefront i tre og dåpsfatet i gammalt metall frå 1650.
Orgelet er manuelt med seks stemmer, frå Norsk orgel og Harmoniumfabrikk, 1963.
I kyrkja finner du to Kyrkjeklokker, der den fyrste er frå 1696 og den andre er frå 1881 av Olsen & søn, Nauen.
Det er om lag 700 personar som soknar til kyrkja.
Soknet deler sokneprest, organist, og kyrkjeverje med dei andre sokna i prestegjeldet.