GRADVIS OPNING AV KYRKJENE I VAKSDAL

GRADVIS OPNING AV KYRKJENE I VAKSDAL
Me går no for ei gradvis gjenopning av kyrkjene i Vaksdal.

Det er med glede me kan innby til dei fyrste fysiske gudstenestene i Vaksdal etter at smitteverntiltaka vart innførte. Dette har vorte mogeleg etter at det vart opna for samlingar med inntil 50 deltakarar, og me har fått eit eige, godkjend smittevernregelverk for Den norske kyrkja (www.kirken.no/korona).

Kyrkjekontoret er ope for publikum:

Tysdag og Onsdag frå 11:00 - 14:00

Men me ber om at de kontaktar oss mest mogleg på telefon eller e-post grunna smittevern. Regler for besøkande kjem i bunnen av denne artikkelen.

 

Nedanfor følger generelle og spesielle smittevern tiltak

Me går no inn i ei tid der me skal starte ei gradvis opning av kyrkjene våre. Dette betyr at me kan igjen får feira Gudsteneste, men me må samtidig overhalda smitteverntiltaka. Det er Dale og Vaksdal kyrkje som vert opna for intill 50 deltakarar. 

Bergsdalen, Stamnes, Eidsland, Eksingedalen, og Nesheim kyrkje skal fortsatt ha eit maks tal på 20 personar.

Etter pålegg frå kommunelegen i Vaksdal vil me registrera dei frammøtte med namn. Dette vil skje på papirlister. Listene vil verta oppbevara i safe, og makulert etter 10 dagar.

Det særleg krevjande i dette er at me kan vere berre 50 deltakarar i Dale og Vaksdal og 20 i dei andre kyrkjene. I fyrste omgang har me vald å løyse dette ved at det er dei fyrste frammøte som kan vere med. Me bed om forståing for dette. I tillegg minner me om:

  • Dei som kan vere koronasjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje ta del.
  • Når ein kjem til kyrkja vaskar alle hendene med anti-bac, som ein finn ved inngangen. Ved nysing/hosting følgjer me dei allmenne smittevernråda.
  • Dei som tek del må halde god avstand, minimum 1 meter, mellom kvarandre. Dette gjeld ikkje dei som er i same husstand. Benkane vil vere merka med omsyn til avstandsregulering.
  • Unngå å ta på flater. Av den grunn vil det ikkje verte nytta salmebøker.
  • Unngå handhelsing og anna fysisk kontakt. Ver særleg merksam på avstanden når ein bevegar seg i rommet. Ved t.d. nattverden og når ein går ut etter gudstenesta må ein unngå kødanning.
  • Ved nattverden vil det ikkje vera fysisk kontakt mellom dei som deler ut og dei som tek imot. Brødet vert lagt i begeret før ein tek imot vinen. Dei som deler ut syter for god handhygiene. Pass på å halde avstand.
  • Det vil av smittevernomsyn ikkje vere kyrkjekaffi.
  • Ver særleg nøye med hygienen dersom ein nyttar toaletta.
  • Ein finn smitteverninformasjon ved inngangen til kyrkja. Presten vil også orientere om dette ved starten av gudstenesta.

 

Gravferder vil gå som normalt, men det totale antallet deltakarar ved ei gravferd skal ikkje overstige 50 deltakarar i Dale og Vaksdal kyrkje. Det skal ikkje overstiga 20 deltakarar i Bergsdalen, Stamnes, Eidsland, Eksingedalen og Nesheim kyrkjer. I praksis betyr dette at det berre er dei næraste som kan delta i sermonien. Det er mogleg å avhalda gravferdssermonien i Dale eller Vaksdal kyrkje, sjølv om gravlegginga skal føregå ein annan plass i kommunen.

Dåp: Me vil tilby dåp, men med same begrensningar på personar som kan delta. Dette betyr at enn so lenge vil det ikkje vera dåp i dei ordinære gudstenestene våre. Men me vil tilby eigne dåps- gudstenester. For dei som ynskjer det er det sjølvsakt også mogleg å utsette sjølve dåpshandlinga. Me vil kontakte dei dette gjeld for.

Konfirmasjon: Alle årets konfirmasjonar er forløpig utsatt til hausten 2020. Dei nye datoane fylgjer nedanfor

Dale kyrkje: Søndag 30. august kl. 11.

Vaksdal kyrkje: Søndag 30. august kl.11.

Bergsdalen kyrkje: Søndag 6. september kl. 11.

Stamnes kyrkje: Søndag 6. september kl. 11.

Nesheim: Ikkje bestemt

Desse datoane er med atterhald om at styresmaktene tillet å ha gudstenester / konfirmasjon då.

Vigsle: Me vil også kunne gjennomføra vigsle i tida som kjem. Desse vil vera med same begrensningar på anntall personar. Om de ynskjer vigsle kan de kontakta Kyrkjekontoret.

Kyrkjekontoret: Det kan ikkje sitta meir en 2 personar og venta samtidig på kontoret. Dei som kjem vil bli tilvist plass. Me ber om at ein nyttar handsprit når ein kjem på kontoret og før ein går. Vanlege smittevernreglar gjeld også her.  

Me held oss til våre faste opningstider som er Tysdag og Onsdag frå 11:00 – 14:00. Me oppfordrar deg til å ringa oss eller skriva e-post

 

Treng du Hjelp til noko?Me er inne i ei tid som for mange kan vera vanskeleg. Om du treng hjelp til noko, er du velkommen til å kontakta oss her på kyrkjekontoret.Om nokon har behov for å snakka med ein prest, er dei tilgjengeleg for samtalar. Desse føregår primært på telefon. Men ein kan komme med ynskje om heimebesøk. 

 

Om det er spørsmål kan ein kontakta kyrkjeverje Bjart-Magnus N Rosvold på tlf: 976 97 562

 

Denne sida vart oppdatert 03/06-2020 klokka 12:00

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"