ER DU VÅR NYE ORGANIST?

Vaksdal kyrkjelege fellesråd utlyser 50% fast stilling som organist i Vaksdal

Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Den norske kyrkja i Vaksdal omfattar seks sokn, og sju kyrkjer. Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16 samt Bergensbanen går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot Voss og Bergen.  Plasseringa gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lag.

 To av kyrkjene i Vaksdal har form som katedral, langkyrkjer i stein med særdeles god akustikk. I Dale kyrkje er det eit tre-manuals elektropneumatisk orgel frå 1956 med 36 stemmer. Steinmeyer har mellom annan intonert orgelet. Dale kyrkje har òg eit Yamaha flygel frå 2006. I Vaksdal kyrkje er det eit 20 stemmers mekanisk Jehmlich orgel frå 1991.

 Me søker etter,

kantorar/kyrkjemusikarar i 50% fast stilling.

Stillinga inneheld mellom anna speling til kyrkjelege handlingar og seremoniar og direksjon. Kora våre har eit breitt musikalsk uttrykk (jazz, salmar, klassisk og popmusikk). Staben i Vaksdal kyrkjelege fellesråd er liten og me jobbar tett saman og spelar kvarandre gode. Det vil bli lagt vekt på at den som tiltrer stillinga har gode samarbeidsevner og er ein lagspelar. Ein vil ha moglegheit til å påverke eiga stilling og arbeidskvardag.

Oppgåver og ansvar for stillinga:

  • Planlegging og gjennomføring av gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, i samarbeid med prest og stab.
  • Mogleg ansvar for korarbeid, akkompagnement og konsertverksemd.
  • Inspirere til eit breitt og variert musikalsk uttrykk i gudstenester og anna kyrkjemusikalsk verksemd.
  • Være med å utvikle song - og musikklivet i sokna.
  • Speling på andaktar ved institusjon.
  • Ansvar instrumenter og lydutstyr.
  • Det må påreknast noko møteverksemd og administrativt arbeid.

        

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i samsvar med tenesteordninga for kantorar. Kyrkjemusikarar med annan relevant kompetanse/realkompetanse/kyrkjemusikalsk utdanning vil bli vurdert.
  • Det er, ynskjeleg med dirigenterfaring frå barnekor, ungdomskor og vaksenkor
  • Søkjar må meistre kyrkjeorgel og piano.
  • Det er ynskjeleg at søkjar har banderfaring.
  • Erfaring med akkompagnement.
  • Det er krav om norskkunnskapar på akademisk nivå både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide strukturert, sjølvstendig, og samarbeide godt med andre tilsette og frivillige.
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner.
  • Du har ein arbeidsstil som er ryddig, løysingsorientert og kreativ
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Arbeidsstad og vilkår

  • Du må ha førarkort klasse B og disponere bil.
  • Den som vert tilsett skal utføre tenesta si i samsvar med Den norske kyrkja sine ordningar.
  • Kontorstad er kyrkjekontoret på Dale.
  • Tenestestad er alle 6 sokna i Vaksdal kommune.
  • Stillinga har kyrkjeverja som næraste overordna.
  • Arbeidstida er fleksibel, og kvelds- og helgearbeid må påreknast.
  • Stillinga krev bruk av dataverktøy. Opplæring i dei aktuelle systema vil bli gjeven.
  • Stillinga vert løna etter kyrkjeleg tariff, etter kvalifikasjonar.
  • Tilsetting i samsvar med lov, reglement og tariff.
  • Verksemda har pensjonsordning i KLP.
  • For stillinga vert det stilt krav om medlemskap i Den norske kyrkja, samt politiattest.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med kyrkjeverje Bjart-Magnus N Rosvold, tlf 976 97 562. E-post: br233@kyrkja.no

 

Søknad med CV og kopi av aktuelle attestar og vitnemål skal sendast på e-post til br233@kyrkja.no, innan 22. Mai 2022

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"