|
|
Vaksdal kyrkjelege fellesråd har oppdatert dei lokale gravplassføreskriftene i Vaksdal kommune. Dei nye vedtektene skal tre i kraft frå 01.01.2024.
Vedtektene er heimla i Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravplasslova) § 21 (1) , § 8 (1) og § 14 (1) og forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd av 10. januar 1997 nr. 16 (gravplassforskrifta) § 15a (4), jf. gravplasslova § 14 (1) og § 21 (1).
Den tidlegare føreskriftene har etter kvart blitt noko utdatert etter mellom anna flerie endringar i gravplasslova. Fellesrådet ser også behov for å gjera enkelte nye endringar og lokale tilpassingar. Festarar som er spesielt råka av endringane i §5 har fått eige brev om dette.
Høyringa vert lagt ut for offentleg høyring på www.kyrkja.no/Vaksdal
Om ein ynskjer å svare på høyringa skal det sendast e-post til: kyrkjekontoret.vaksdal@kyrkja.no
e-posten skal merkast Høyringssvar gravplassføreskrifter i Vaksdal
Svarfrist på høyringa er satt til 31. oktober 2023.
Høyringsinstansar:
Vaksdal kommune
Vaksdal Sokneråd
Dale Sokneråd
Bergsdalen Sokneråd
Stamnes Sokneråd
Eksingedalen Sokneråd
Nesheim sokneråd