Nesten 800 millioner mennesker lever utan tilgang til reint vatn i verda i dag, grunna jordskjelv, tørke, flaum eller krig.
Kirkens Nødhjelp jobbar med akutt bistand i katastrofar og med langsiktige prosjekt for å redusere naud og fattigdom i verda. Dei jobbar for fred og rettferd, og for å redde liv.
I desse dagane går den årlege innsamlingsaksonen FASTEAKSJONEN av stabelen.
Det er Kirkens Nødhjelp er Den norske kyrkja sin bistandsorganisasjon, og dei står bak denen aksjonen. Konfirmantar og andre går på dørene i heile Noreg med dei karakteristiske innsamlingsbøssene.
Tysdag 28. mars er aksjonsdagen for kyrkjelydane i Vaksdal, og då har du høve til å hjelpe menneske i naud gjennom Kirkens Nødhjelp sit arbeid.
Om ettermiddagen kjem konfirmantar og andre rundt på dørene med innsamlingsbøsser. Dette gjeld sokna Dale, Stamnes og Vaksdal.
Ta vel imot bøssebærarane!
Det er og høve til å gje til fasteaksjonen i fleire av gudstenestene våre i påska; på Eidsland, Flatekval og Nesheim, og i Bergsdalen.
Har du ikkje kontantar eller myntar liggjande kan du gje via Vipps.