Kyrkja i Vaksdal fram til og med 6. Desember

Det er dei samme reglane som Vaksdal kommmune har vedteke som gjeld for kyrkjene i Vaksdal. Søndag 29.11.2020 vil me tenna lystteppe på Dale kyrkje klokka 18.00. I forbindelse med dette vil me ha open kyrkje på Dale. Les meir om dette, og kva som skjer i kyrkjene fram til og med 6. Desember

No går me inn i Adventstida. Dette gjer me med strenge Korona-tiltak. Dette betyr at det vil bli ei annleis adventstid. Me ynskjer likevel å opne opp for noko meir aktivitet i kyrkjene i Vaksdal. Dette vert sjølvsagt gjort etter dei reglane som til ei kvar tid er gjeldande.

Open kyrkje på Dale søndag 29. november kl. 18 - 20

Søndag vil me tenna lysteppe på¨Dale kyrkje klokka 18.00. I forbindelse med dette ynskjer me å invitera inn i ei open kyrkje.

Etter tenning av lysteppet vert det ei kort gudsteneste med tenninga av eitt lys i adventskransen.

Det vert mogleg å tenna eit lys i lysgloben.

Organist Ruben Gjertsen spelar musikk kvar halvtime.

Velkommen til ro og etterganke i Dale kyrkje.

 

For alle arangement gjeld fylgjande reglar

Det er krevjande at me enno har relativt strenge restriksjonar på tal på personar som kan møta opp i kyrkjene våre. I fyrste omgang har me vald å løyse dette ved at det er dei fyrste frammøte som kan vere med. Me bed om forståing for dette. I tillegg minner me om:

  • Dei som kan vere koronasjuke, har symptom på luftvegsinfeksjon eller er i karantene kan ikkje ta del.
  • Når ein kjem til kyrkja vaskar alle hendene med anti-bac, som ein finn ved inngangen. Ved nysing/hosting følgjer me dei allmenne smittevernråda.
  • Dei som tek del må halde god avstand, minimum 1 meter, mellom kvarandre. Dette gjeld ikkje dei som er i same husstand. Benkane vil vere merka med omsyn til avstandsregulering.
  • Unngå å ta på flater.
  • Unngå handhelsing og anna fysisk kontakt. Ver særleg merksam på avstanden når ein bevegar seg i rommet. Ved t.d. nattverden og når ein går ut etter gudstenesta må ein unngå kødanning.
  • Ver særleg nøye med hygienen dersom ein nyttar toaletta.
  • Ein finn smitteverninformasjon ved inngangen til kyrkja. Presten vil også orientere om dette ved starten av gudstenesta.

 

Gravferd:

Ved gravferd gjeld fylgjande tal Vaksdal kyrkje: 50 personar, Dale kyrkje 50 personar, Stamnes kyrkje 33 personar. Eidsland, Eksingedalen, Nesheim og Bergsdalen 20 personar. Dette er makstal og det er ikkje lenger anledning til å plassere folk i "kohortar"  I praksis betyr dette at det berre er dei næraste som kan delta i seremonien.  Det er mogleg å ha gravferd i Dale kyrkje, for so å ha sjølve gravlegginga på ein annan gravplass i kommunen. Spørsmål om dette kan stillast direkte til kyrkjeverja på telefon 976 97 562 eller de kan ta det gjennom byrået.

Dåp: 

Me vil tilby dåp, men med same begrensning på personar som kan delta. Dette betyr at det i mange tilfelle vil bli tilbudt eiga dåps -gudstjenester. Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ynskjer dåp.

Konfirmasjon: 

Me lyt rekna med redusert aktivitet framover. Konfirmantar og foreldre vil få nærare informasjon.

Vigsle: 

Ta kontakt med kyrkjekontoret

 

Treng du hjelp til noko?

Me er inne i ei tid som for mange kan vera vanskeleg. Om du treng hjelp til noko, er du velkommen til å kontakta oss her på kyrkjekontoret. Om nokon har behov for å snakka med ein prest, er dei tilgjengeleg for samtalar. 

Om det er spørsmål kan ein kontakta kyrkjeverje Bjart-Magnus N Rosvold på tlf: 976 97 562

 

 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"