Baby- og småbornssong i Dale bedehus

Avlyst

Praktisk informasjon

Frå:2022-09-28 11:30

Til:2022-09-28 13:30

Stad:Dale bedehus

Arrangør:Dale sokn, Vaksdal sokn

Velkomen til samlingar for dei yngste borna i Dale bedehus. Kom og gå som det passar innanfor tidsrommet! Sjølve songsamlinga byrjar ca klokka 12 og varar rundt 40 minutt. Den er sanserik og tilpassa aldersgruppa. Me brukar ulike effektar som kosedyr, såpebobler, rytmeinstrument og fargerike skjerf undervegs. Lunsjtreff før og etter samlingane er ein fin møteplass for små og store. Kom som de er :) Desse samlingane rullerer mellom bygdene, så når det ikkje er samling på Dale, er de hjarteleg velkomne til Vaksdal kyrkje for tilsvarande samling der! Sjå eige arrangement.

Samlingane er ledd i trusopplæringa til kyrkjene våre, kalla «Vegen i Vaksdal», og er sjølvsagt opne for alle uansett livssyn.
Alle samlingane blir leia av trusopplærar Kristin Straume Normann.

Dale bedehus ligg til høgre med ein gong du køyrer inn til Dale sentrum.
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på "Oppdater samtykke". Evt. klikk på "Godta alle cookies" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.