Vanylven har 5 vakre kyrkjer som er godt eigna til kultur- og musikkarrangement Litt informasjon om reglane som gjeld -til dei som ynskjer å bruke kyrkjene. Velkomen som leigetakar!

Betalingssatsar

Leige av kyrkje til konsert og andre arrangement som ikkje er gudstenester eller kyrkjelege handlingar betaler leigetakar etter desse satsane:

10% av bilettinntektene for lokale utøvarar og

15% av bilettinntektene for utanbygds utøvarar.

 Minimumstakst på kr.2000,- for dei direkte kostnadane ved gjennomføringa av arrangementet,straum,

kyrkjetenar og reinhald 

Informasjon om prisar for desse tenestene får du hos kyrkjeverja:

Bryllaup med organist:                                                          

Gravferd for medlemmer av andre trusamfunn frå kommunen:

Bryllaup og gravferd utan organist:                                        

Gravferd for utanbygds:                                                         

Berre på gravplassen for utanbygds:                                     

Kyrkja er vigsla til gudstenester og kyrkjelege handlingar og skal gjennom bruk "tene til Guds ære og menighetens oppbyggelse".

Vi bed om at  leigetakar respekterar dette og syter for at alt går sømeleg for seg og at

kyrkja, inventaret og øvrige utstyr vert handsama med dette i tankane.

Alle har tilgjenge til alle arrangement i kyrkja. Ein person kan berre visast bort dersom han uroar eller krenkar kyrkja si verdigheit.

 Reglar for bruk av kyrkja er fastsatt av kyrkje-møtet, og gjeld for alle kyrkjer i Norge.

Lokalt er det sokneråda som kan leige ut kyrkja.

Det er utarbeidd eit standard formular som leigetakar får tilsendt ved forespørsel om bruk/leige av kyrkjene.

           

ØVRE TILLATE PERSONANTAL

i kyrkjene, fastsett av brannvernmyndigheita og som brannansvarleg ved

arrangementet er forplikta på:

 

Kyrkje

Kyrkjerom

Galleri

Totalt

Ved ekstra beredskap

Van kyrkje

240

100

340

360

St.J  kyrkje

100

 

100

 

Syvde kyrkje

262

70

332

Kor etc. kan kome i tillegg

Rovde kyrkje

155

70

225

245

Åram kyrkje

250

50

300

 

 

Praktiske spørsmål:

 Leigetakar er i si heilheit ansvarleg for arrangementet.

Kyrkjetenar er tilstades under arrangementet og er brannvernansvarleg

 Tidsbruk:

Tidspunkt for opplåsing osv.må avtalast på førehand – om ikkje vert kyrkja låst opp 1time før arr.startar.

Eventuelle øvingar, tilordning osv. må også avtalast på førehand, og ekstra tidsforbruk av

kyrkjeleg betjening må betalast for.

Inventar - rydding:

I utgangspunktet er kyrkja sitt inventar fast, og evt. flytting må avtalast med kyrkjetenaren.

Etter arrangementet må leigetakar sette kyrkja i samme stand som då dei leigde lokalet.

Korbenkar osv. skal være sett på plass. Meld frå om noko ikke virkar, eller går sund.

Leigeprisen inkluderar ordinært reinhald.

Teknisk:

Dersom lydanlegg og instrument skal brukast må det utpeikast ein ansvarleg som kan få nødvendig informasjon av kontaktperson på førehand.

Kontaktperson vil gi orientering om lysbrytarar.

Levande lys bør begrensast til kyrkja sine stakar.

-stearin på ”avvegar” er brannfarleg og utgjer eit reinhaldsproblem og slik bruk skal difor avtalast på førehand.

Økonomi:

Innkreving av inngangspengar , salg av cd eller liknande bør ikkje skje inne i kyrkjeromet.

Leiga vert betalt i etterkant, etter opplysningar om billettintekter.

 Din kontaktperson er : Kyrkjeverje Målfrid Støvreide 91588274

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"