Situasjonen i kyrkja i Vestre Slidre no - gravferd, konfirmasjon og gudstenester

Koronaviruset har til no sett avgrensningar også for kyrkja i Vestre Slidre. Som andre kyrkjelege fellesråd følgjer vi råd frå styresmaktene og biskopen og gjer det vi kan for å unngå unødig smitte. Vi har til noe måtte avlyse fleire gudstenester, også barnedåp, babysong og konfirmantundervisning.Vi må finne andre løysingar for organisering av gudstenestelivet.  Det kan du lese om her:

GRAVFERD:

Ved gravferd vil det no ikkje vere tillat meir enn 15 personar pluss tilsette under seremonien.

I artikkelen frå KA kan de lese gode råd også for pårørande når det gjeld gravferd i Korona-tida:

https://www.ka.no/sak/article/1541397

KONFIRMASJON:

Slik situasjonen er no, må konfirmasjonen flyttast til hausten. Også for hausten må vi forhalde oss til gjeldande tiltak frå lokale og sentrale styresmakter. Alle håpar vi det er god kontroll på smittespreeing innan den tid. Viss det skulle vise seg vanskeleg å få til store gudstenester med mykje folk, må vi vere kreative og sjå på alternative løysinger som kan fungere best mogleg slik at konfirmasjonen blir gjennomført.

Nye konfirmasjonsdatoar er:

Lomen kyrkje:  Søndag 6.september  kl.11.00

Slidredomen:   Søndag 20.september kl.11.00

Røn kyrkje:      Søndag 27.september kl.10.00

                       Søndag 27.september kl.12.00

GUDSTENESTER:

Alle gudstenester i påska blir diverre avlyst. Fleire av nabokommunene våre vil streame gudstenester på sine facebooksider, følg gjerne med der. Vi har ikkje prest enno og kjem ikkje til å leggje ut gudstenester.

På høgtidsdagane i påska vil kantor i tillegg til tilvisingar til gudstenester de kan følgje, leggje ut bibeltekstar og musikktips. Dette finn du på vår facebook-side: Kyrkja i Vestre Slidre, sjå likn under:

https://www.facebook.com/Kyrkja-i-Vestre-Slidre-842335192540706/?ref=br_tf&epa=SEARCH_BOX

Her er link til Hamar bispedømme si nettside, der vil du også kunne finne fleire gudstenestar: https://www.kirken.no/hamar

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  61 34 50 95
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"