Konfirmasjon

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

I Fitjar kyrkjelyd har vi konfirmasjon laurdag og søndag andre helga i mai. Påmeldinga til konfirmasjon skjer på våren året før, som regel i juni før sommarferien startar.

Me har eit variert konfirmantopplegg, og som konfirmant vel du ei gruppe som du følgjer gjennom forbereding til sjølve konfirmasjonen. Konfirmantane er i tillegg med på heimegrupper, fasteaksjon, lysmesse og andre gudstenester.

Artikkelsnarveger