Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Foreldre/føresette

- Eg skjønar det ikkje heilt, men guten vår vaks plutseleg fem centimeter den dagen. Han retta ryggen og vart tryggare på seg sjølv, fortel ein konfirmantfar.

- Då foreldra mine og tantar og onklar held tale for meg under konfirmasjonsmiddagen, fekk eg ei utruleg god kjensle. Dei sa berre så mange fine ting om meg, liksom med auga sine at dei var kjempeglade i meg og stolte, har ein konfirmant fortalt.

Det skjer sjølvsagt ikkje noko magisk på konfirmasjonsdagen som der og då forvandlar konfirmanten til ein vaksen og sjølvstendig person. Men det skjer noko fint, stort og underleg som gjer at konfirmasjonen for særs mange vert ein viktig milepæl i livet.

Det gjer inntrykk på dei fleste av oss å få mykje merksemd ein heil dag og kanskje ein heil helg. Det gjer godt med gode ord, varme blikk og kjærleik frå viktige personar i livet. På denne måten er konfirmasjonen ein styrkande dusj av godord og Guds velsigning. Framleis er læring og formidling av kunnskap ein viktig del av konfirmasjonstida, men kunnskap åleine skapar ikkje tru.

Kunnskap om kven Gud er og kva Bibelen seier, vert av verdi berre når den hjelper oss til å tolke verda rundt oss og livet vårt. Difor snakkar vi om "livstolking og livsmeistring". Vi skal hjelpe dei unge til å tolke livet sitt i lys av Guds ord. Vi skal gi dei reiskapar dei treng for mestre livet. Vi skal formidle ei levande tru.

(Kjelde: Boka "Liv laga" av Ingvald Andersen Frøyen, IKO-Forlaget.)

Kontaktinformasjon for Den norske kirke, Kirkerådet

Besøksadresse: Kirkens Hus

Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:

Mandag-fredag kl. 08.30-15.30 (15.00)

Ansvarlig redaktør:

Trude Evenshaug

Nettredaktør:

Brynjulf Tjønn Lindland