Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Festdagen

Den gode festen handlar minst om pengar og luksuriøse omgjevnader, og mest om familie og vener. Ein fest i stova heime med oppleving av samhald og tryggleik er ikkje noko dårlegare enn full pakke på eit hotell.

Har de gode tradisjonar på songar og leikar, så bruk dei. Spør konfirmanten om det er nokre songar dei har lært i konfirmantåret som kan brukast på eit songark.

Har de gode historiar og minne så hent dei fram. Er det nokon i familien som kan lage ein biletpresentasjon (film/lysbilete/video/power-point), så legg litt arbeid i ein ”passe lang” kavalkade. Det er ikkje sikkert at konfirmanten jublar uhemma over dette, men det handlar om å ha røter og om å høyre til. At  ein som står konfirmanten nær, stadfestar konfirmanten for den han/ho er, deler nokre gode opplevingar dei har hatt i lag, og seier direkte: ”Vi høyrer saman!”

Lat ikke konfirmasjonsfesten passere utan at konfirmanten har blitt tiltala gjennom helsing, tale eller song. Det treng ikkje vere så avansert, berre det er ekte og personleg. (Kjelde: Boka ”Liv laga”, Ingvald Andersen Frøyen, IKO forlaget).

Songar: Det er flott å syngje saman. Alvorlege songar. Morosame songar. Songar som vi har brukt akkurat i vår familie ved andre høve. Kanskje nokre av songane eller salmane konfirmanten har lært i konfirmantåret. Kanskje ein song dikta til konfirmanten med litt dårleg rim, men likevel ei personleg helsing.

Det at ungdomane ikkje syng med av full hals, betyr ikkje at dei synest dette er teit. Tvert imot blir nok mange skuffa dersom dei oppdagar at songane ikkje er med.

Kontaktinformasjon for Den norske kirke, Kirkerådet

Besøksadresse: Kirkens Hus

Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:

Mandag-fredag kl. 08.30-15.30 (15.00)

Ansvarlig redaktør:

Trude Evenshaug

Nettredaktør:

Brynjulf Tjønn Lindland

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"