Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Kva slags konfirmasjonsfest?

Den tradisjonelle festen kjem etter konfirmasjon i kyrkja. Ofte må nokre gjester reise tidleg fordi dei skal på jobb dagen etter og då kan fest dagen før konfirmasjonen være eit alternativ. Her kan ein ta kvelden til hjelp, fordi mange likevel skal vere med i kyrkja dagen etter og har god tid.

Etter konfirmasjon i kyrkja kan det vere ei enkel servering etter gudstenesta, til dømes god suppe med godt brød,  kaffi og kaker etterpå. Gjestane kan då reise tidleg utan dårleg samvit.Når to familiar ikkje går saman.

Det fins konfirmantar som har grua seg til festen, fordi bestefar alltid klarer å skape diskusjon og splid. Vi kan aldri garantere oss 100 % mot familiens ”bakside”, men det går ofte an å gjere nokre grep, som for eksempel å plassere dei mest stridlynte i god avstand frå kvarandre ved festbordet. I verste fall lèt ein vere å invitere den personen som konfirmanten er redd for.

Når mor og far er skilde, bur på ulike stader og kanskje ikkje har lyst til å møtast, så kan ein felles konfirmasjonsfest bli  reine skrekk-scenario for konfirmanten. Eit råd er dette: Ikkje utfordre skjebnen akkurat til konfirmasjonen.

Ha heller to festar der freden kan råde og der dagens hovudperson slepp å sitje på nåler av frykt for at noko skal skje som øydelegg dagen hans/hennar. (Kjelde: Boka ”Liv laga”, Ingvald Andersen Frøyen, IKO forlaget).

Kontaktinformasjon for Den norske kirke, Kirkerådet

Besøksadresse: Kirkens Hus

Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:

Mandag-fredag kl. 08.30-15.30 (15.00)

Ansvarlig redaktør:

Trude Evenshaug

Nettredaktør:

Brynjulf Tjønn Lindland

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"