Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Vanlege spørsmål

Foreldre og foresatte har ofte spørsmål knytta til kven som kan delta i konfirmasjonstida og kva som vert krevd for å vere med. Her er nokre av dei mest stilte spørsmåla rundt konfirmasjon og konfirmasjonstida. Har du andre spørsmål eller lurer på noko rundt opplegget, ta kontakt med kyrkjelyden din for meir informasjon.

Barnet vårt står som tilhøyrande til Den norske kyrkja, men er ikkje døypt. Kan han konfirmerast?
Barnet ditt kan melde seg på til konfirmasjonen og delta i konfirmasjonstida. For å verte konfirmert må ein vere døypt. Dette kan skje i løpet av konfirmasjonstida.

Ingen av oss foreldre er medlemar i Den norske kyrkja. Kan barnet vårt likevel konfirmerast?
Det er ikkje krav om at noko av foreldra skal vere medlem i Den norske kyrkja for at ein ungdom kan velge å konfirmere seg. Konfirmasjonstida forutset ikkje dåp, men den avsluttande gudstjenesta gjer det. Ordet konfirmasjon meiner stadfesting. Det er dåpen som vert stadfesta i konfirmasjonen, så det  einaste som er naudsynt for å verte konfirmert i Den norske kyrkja er at ein er døypt. Religiøs myndigheitsalder er 15 år.

Sonen min vil på leir som kostar pengar. Finst det nokon stader kor eg kan søke om stønad for å få hjelp til å betale?
Kyrkjelydane i Den norske kyrkja har ulike ordningar for stønad. Ta kontakt med kyrkjelyden din og høyr med dei.

Barnet mitt vil melde seg på til konfirmasjonsopplegg, men ynskjer å vere i ein annan kyrkjelyd enn der vi bur. Er det mogleg? Kostar det noko?
Barnet ditt kan velge ein annan kyrkjelyd enn der de bur. Ta kontakt med kyrkjelyden der barnet ynskjer å vere med og høyr om det er plass. Der vil det også verte opplyst om eventuelle kostnader.

Dotter mi er 16 år. Ho ynskjer å verte konfirmert. Kva gjer vi?
Det er mogleg å konfirmere seg sjølv om du er over 15 år. Sjølv vaksne kan konfirmere seg - det finst inga øvre aldersgrense. Høyr med kyrkjelyden der du bur og spør kva dei har å tilby.

Barnet mitt har ikkje sove heimefrå sjølv om ho er 14 år. Vi er litt uroa for korleis det skal gå på leir.
Mange konfirmantar opplever leir som eit minne for livet. Dei tilsette og dei unge medarbeidarane gjer sitt beste for at det skal vere eit godt minne. Difor er det bra at dei ansvarlege veit om uro og utfordringar den einskilde konfirmant kan ha. I forhold til leir: Ta kontakt med kyrkjelyden, så finn de løysingar på utfordringar saman.

Barnet mitt har dysleksi og er redd for å lese høgt eller gjere noko anna der det vert tydeleg at ho les dårleg. Kva kan eg gjere som forelder?
Som forelder kan du fortelje dei ansvarlege for konfirmasjonstida om barnet ditt si utfordring, slik at det kan takast omsyn til dette. Det er viktig at konfirmasjonstida vert positiv for barnet ditt. Konfirmasjonstida er ei tid for å teste ut og lære om kristen tru. Det vert gjort gjennom samtaler, øvingar og leikar. Konfirmasjonstida bygger mykje på gruppekjensle og at konfirmanten kjenner seg trygg i gruppa.

Barnet vårt er eigentleg for ung til å verte konfirmert, men vil vere saman med venene sine som er eitt år eldre. 
I forhold til rammer for konfirmasjonstida i Den norske kyrkja skal konfirmasjonen normalt verte gjennomført det året konfirmanten fyller 15 år. Viss det er spesielle høve kan kyrkjelyden gjere unntak. Ta kontakt med kyrkjelyden og fortel om ynskjet dykkar.

Kontaktinformasjon for Den norske kirke, Kirkerådet

Besøksadresse: Kirkens Hus

Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:

Mandag-fredag kl. 08.30-15.30 (15.00)

Ansvarlig redaktør:

Trude Evenshaug

Nettredaktør:

Brynjulf Tjønn Lindland

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / Fjern kirken.no fra blokkert.

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"