Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Konfirmasjonstida

Opplegget for konfirmasjonstida varierer frå stad til stad. Det vanlegaste er at konfirmasjonsundervisninga foregår det året du går i niande klasse, og at den går seg over åtte månader.

Nokre stader er det undervisning på vekedagar, kvar veke eller annakvar veke. Nokre stader er det helgesamlingar, medan andre reiser på leir. Det er også mange kyrkjer som tilbyr konfirmantopplegg som byggjer på interessegrupper.

Sjekk ut med kyrkja di korleis opplegget ser ut .Konfirmasjonstida vil alltid innehalde ulike opplevingar, undervisning og samtalar om kristen tru og om utfordringane i livet. Samlingane kan handle om kjærleik, fridom og ansvar, godt og vondt. Dei inneheld ofte song, musikk, drama, leik og kreativt arbeid. Du er også med på gudstenester.

Mange ungdomar er ikkje døypte når dei startar på konfirmasjonstida. Det er mogleg å vere med heile konfirmasjonstida utan å vere døypt, men sjølve konfirmasjonen skjer i konfirmasjonsgudstenesta. For å delta i den må du vere døypt (les meir under DÅP). Dåpen gir medlemskap i Den norske kyrkja. Nokre stader er konfirmasjonen om våren, andre stader om hausten, og nokre stader har du høve til å velje.

Kva lærer du?
I plan for trusopplæring står det: Under konfirmasjonstida skal alle ha arbeidd med trusvedkjenninga, Fadervår og bodorda. Konfirmantane skal ha godt kjennskap til gudstenesta, sakramenta (dåp og nattverd) og kjenne den store forteljinga i Bibelen, sett i lys av så vel si eiga som fellesskapet si forteljing.

Konfirmasjonstida skal fremje opplevinga av eigenverd og leggje til rette for at konfirmantane kan sjå seg som skapte, elska, frelste og haldne oppe ved Guds kjærleik. Konfirmantane skal arbeide med eiga tru og undring gjennom samtale og refleksjon.

Dei unge skal kjenne til og få høve til å delta i ulike former for tru i praksis som gir kunnskap og trusopplevingar. Gjennom konfirmasjonstida skal det leggjast til rette for at konfirmantane kan bli kjende med og delta i deler av kyrkjelydsarbeidet.

Kontaktinformasjon for Den norske kirke, Kirkerådet

Besøksadresse: Kirkens Hus

Rådhusgata 1-3, Oslo

Åpningstider resepsjon:

Mandag-fredag kl. 08.30-15.30 (15.00)

Ansvarlig redaktør:

Trude Evenshaug

Nettredaktør:

Brynjulf Tjønn Lindland