Ansvar og globalt leiarskap i dag

- Mange mektige og framståande kvinner og menn møtest i desse tider i Davos i Sveits til det årlege møtet i World Economic Forum. Her vil dei diskutere kva ansvarleg globalt leiarskap betyr i vår tid. Sjølv om temaet alltid er aktuelt, verkar det særleg kritisk nett no, seier Olav Fykse Tveit, generalsekretær i Kyrkjenes verdsråd.

Generalsekretær Olav Fykse Tveit. (Foto: http://www.oikoumene.org)

Like før Davos-møtet vart opna 17. januar var det gudsteneste i St. Johanneskirken i Davos. Generalsekretær Olav Fykse Tveit heldt preika der.

Olav Fykse Tveit deltek på møtet i Verdas økonomiske forum, Sveits 17.-20. januar 2017. Han kjem i samband med det møtet med nokre utfordringar til ansvarleg leiarskap i dag:

Vi ser ulike former for aukande populisme rundt omkring i verda. Vi ser at det kjem til uttrykk i mellom anna større polarisering, meir nasjonalisme, men diverre også utartar til rasisme og endå til vald. Grobotnen for denne utviklinga finst ofte i negative utslag av den økonomiske globaliseringa – eller i det mosette:  økonomisk proteksjonisme. Det kan vere resultat av større forskjellar og at spriket mellom fattige og rike i dei fleste land vert stadig større. Nokon av dei som ikkje får bli med, protesterer og bruker stemmesetelen, nokon er unge arbeidslause, mange lever under marginale tilhøve utan nokon offentleg stemme, og nokon er vorte heimlause.

Ein kan ikkje løyse problema med aukande frykt for framtida hjå nokon med å auke frykten i andre grupper. Utfordringar som desse krev ei anna form for leiarskap som tar ansvar for ei større målsetting med å skape rettvise og fred for alle. Godt leiarskap i næringslivet er å vise at ein opptrer  ansvarleg ikkje berre overfor eigarane, men òg overfor medarbeidarar, og overfor det større omland med leverandørar og kunder, og ikkje minst miljøet.

I eit breitt perspektiv bygd på gjensidig ansvar for menneska og jordas framtid finn vi langt betre løysingar enn vi gjer kvar for oss. Ei ansvarleg form for globalt leiarskap må også i dag ha ein langt breiare horisont, med vilje til å ta ansvar utover sine eigne eigarar eller veljarar. Dette er eit spørsmål  om kva for haldningar som trengst. Ein må vere sjølvkritisk og erkjenne dei negative effektane av å prioritere snevre interesser, av å stenge ute dei mange frå ein vekst og ei utvikling som når berre dei få. Den økonomiske veksten må skape ressursar til utdanning, jobbar, helsevesen og eit godt miljø – for alle. Skatt er felles ressursar som krevst for å få til ei berekraftig utvikling av samfunna, og korkje regjeringar eller næringsliv bør unngå eller flykte frå å bygge opp slike ressursar for dei store felles behov. Ikkje minst er det uhøyrt å presse fattige land til skattefritak for å utnytte og utbytte naturresursane i landet. 

Mange mektige og framståande kvinner og menn møtest i desse tider i Davos i Sveits til det årlege møtet i World Economic Forum. Her vil dei diskutere kva ansvarleg globalt leiarskap betyr i vår tid. Sjølv om temaet alltid er aktuelt, verkar det særleg kritisk nett no. Alle leiarar i alle sektorar må definere og utøve ei form leiarskap som bygger på at dei har eit gjensidig ansvar overfor kvarandre, om dei skal kunne løyse dagens og morgondagens utfordringar. Ei ansvarleg form for leiarskap kan ikkje bygja på halvsanningar eller ei evig gjentaking av udokumenterte påstandar.

Det er tid for at alle ansvarlege leiarar i fellesskap ser med friske auge på kva som krevst av oss i dag. Dette gjeld òg religiøse leiarar, som må ta styring og vere ansvarlege for våre moralske og åndelege verdiar og kva dei vert brukte til i vår tid. Det er vår tru at når vi er ansvarlege overfor Gud, så er vi òg ansvarlege for alt som er skapt i Guds bilete.

Det er opplagt at vi må halde fram med å ta fatt i klimaendringane som eit lokalt, eit nasjonalt og eit globalt ansvar. Det skjer ved at landa tek ansvar for det dei saman har forplikta seg til i Paris 2015 og Marrakech 2016. Dette må òg innebere eit særleg ansvar overfor ofra for klimaendringane i dag og i morgon. Vi må aldri gløyme at dei som er aller mest sårbare, òg er dei som får føle dei alle mest alvorlege konsekvensane av klimagassutsleppa – og som har gjort minst for at det rammar dei. Den økonomiske utviklinga som må til for å fjerne fattigdom og få til utvikling kan byggjast på eit større og gjensidig ansvar om den er basert på berekraftige energikjelder, produksjonsmetodar og transportformer. Dette “grøne skiftet” er mogleg, men det krev moralsk motivasjon, politiske vedtak og nye retningar for investeringar og næringsliv. Vi har berre èi jord, og jorda er den einaste heimen som vi, våre barn og våre barnebarn har.

Faktisk er det barna som ofte påverkast mest på grunn av økonomisk urett, nye former for polarisering, lokale konfliktar og vald. Vi erkjenner at religion nokon gonger vert misbrukt til å legitimere eller rettferdiggjere vald mot barn – også i heimen. Barn barn har rett til å vekse opp i trygge miljø og utan vald. Mange barn får ikkje det dei treng for å utvikle seg, med omsyn til tryggleik, mat, helse, skulegang og kjærleik – og såra dei får, ber dei med seg resten av livet. Det finst ikkje betre investeringar for ei fredeleg og rettferdig verd enn å gi omsorg og utdanning til alle jenter og gutar. Ansvarlege leiarar i alle sektorar må leggje mykje større vekt på barnas behov. Det er der håpet for framtida for heile menneskeslekta ligg.

Nye og annleis former for vald og terrorisme viser seg i mange deler av verda. Valden skjer i heimen, mot kvinner, i lokalsamfunna, mot minoritetar av ymse slag, mellom stammer, samfunn og nasjonar, utført av enkeltpersonar og grupper, og også av statar i form av undertrykking, strukturell vald eller bruk av våpenmakt. Noko av dette blir diverre rettferdiggjort via religion. Men vald i religionens namn er vald mot den sanne  meininga av religion. Religiøse leiarar og dei som praktiserer si tru må ta eit ansvar for dette, og stå saman mot at religion vert misbrukt som motivasjon for vald og terror eller indirekte legitimering av vald. Som religiøse leiarar er det i dag vårt ansvar å definere korleis religiøs tru og praktisering kan bidra til rettvise og fred – for alle Guds skapningar.

Ein sann leiar veit at vi treng kvarandre sin visdom, alt det ein kan få tak i gjennom ein open og kritisk dialog på tvers av både interesser og grenser. Å forplikte seg til inkluderande og gjensidig ansvar, er ei utfordring for alle, uansett kva sektor vi høyrer heime i. Ikkje desto mindre krev globalt leiarskap i vår tid nettopp dette. Vi må gi eit håp til alle, og ikkje berre til våre eigne, våre bedrifter, våre interessegrupper, etniske grupper eller nasjonar. Dersom håpet ikkje gjeld alle, er det ikkje eit verkeleg håp.



  • Kontakt Olav Fykse Tveit gjennom kommunikasjonsdirektør Marianne Ejdersten: mej@wcc-coe.org, +41 79 507 63 63

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"