Bøn for helsetenesta

Torsdag 9. april opnar Kyrkjemøtet med gudsteneste i Nidarosdomen. På denne gudstenesta vil ein takke for alle som arbeider i helsetenesta og be om at dei må kjenne meining og glede i arbeidet sitt. «Kyrkje, helse og livsmeistring» er hovudtema på Kyrkjemøtet i år.

Plakaten for Kyrkjemøtet presenterer hovudtemaet for Kyrkjemøtet 2015: Kyrkje, helse og livsmeistring.

Kyrkjemøtet skal sjå på kva kyrkja kan bidra med i ei helseteneste der utviklinga skjer i raskt tempo, og der nye reformer står i kø.

Leiar i Kyrkjerådet, Svein Arne Lindø- Forventningane folk har til helsevesenet stig raskare enn den offentlige helsetenesta er i stand til å ta hand om. Pasientane er betre informerte enn nokon gang. Dei surfar på Internett og les seg opp om sjukdommen dei meiner å ha. Dei er gjerne uforstående til at ein ikkje straks set i gang den behandlinga pasienten har lese seg til, seier leiaren i Kyrkjerådet, Svein Arne Lindø (bilete).

Han strekar under at kyrkja gjennom alle tider har hatt ei oppgåve overfor for menneske som er sjuke og har vanskelege levekår. Men no ser han mange spørsmål som krev nye svar:

-  Korleis skal ein forstå kyrkja sitt diakonale oppdrag i dag? Kva for helsetilbod og tenester skal kyrkja ha medansvar for? Er ikkje behandling av sjuke og omsorgstrengjande i all hovudsak ei offentleg oppgåve? Eller er det slik at kyrkja forvaltar ein arv på dette området basert på eit oppdrag frå Gud som framleis gjeld?

Lindø tar fram to eksempel på kva kyrkja kan ta større ansvar for:

- Einskildmenneske som lid av einsemd og born som lid under omsorgssvikt. Kyrkjefellesskapen kan ta ansvar i slike tilhøve som har eit sentralt førebyggjande folkehelseperspektiv i seg, seier Svein Arne Lindø.

Han meiner at Samhandlingsreforma og Omsorgsreforma utfordrar sivilsamfunnet til ny innsats – og dermed òg kyrkjelydane og diakonale institusjonar.

- Det ser ut til å vere venta at kyrkja skal vere på banen og ta på seg nye oppgåver, kanskje særleg for å fremje folkehelsa. Dette heng saman med den posisjonen helsefremjande arbeid har fått i helsepolitikken, ut frå ei forståing av kva helse har å gjere med livskvalitet, overskot og trivsel, seier Svein Arne Lindø.

Samhandlingsreforma er blitt ønskt velkommen av kyrkja fordi ho gir  moglegheiter for samarbeid mellom offentlege og frivillige aktørar. Ifølgje utgreiinga NOU 2011:11 Innovasjon i omsorg skulle reforma kanalisere ein større del av voksteren i helse- og omsorg til det kommunale nivået.  Det offentlege utvalet bak NOU 2011:11 såg for seg at den vidare voksteren i omsorgstenestene i lokalsamfunnet skulle bli kanalisert gjennom auka integrering av sivilsamfunnsressursar i den samla tenesteytinga.

Saksdokumentet til Kyrkjemøtet 2015 om kyrkje og helse finn du her

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"