Første steg for kyrkjeløftet

No er dei første tilskota lyst ut frå det nye Kyrkjebevaringsfondet. I 2024 skal er det 100 millionar kroner til kyrkjebevaring, og kyrkjeeigarar kan søke no. – Kyrkjebygga formidlar kyrkja sin bodskap og verdiar overalt i landet, seier preses Olav Fykse Tveit som er leiar i programstyret.

Preses Olav Fykse Tveit er styreleiar i programstyret for kyrkjebevaringsfondet. Dei ser fram til å få dei første søknadane. Foto: Den norske kyrkja.

– Dagen i dag er ein merkedag. I februar sette vi oss eit ambisiøst mål om å kunne ferdigstille forskrift, få løyvd pengar og planlagt utlysingar før sommaren. Dette har vi klart, og i dag går startskotet for å lyse ut midlar frå kyrkjebevaringsfondet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

For 2024 kan kyrkjeeigarane søkje om tilskot til anten forprosjekt for å planlegge seinare tiltak eller til hovudprosjekt. Desse hovudprosjekta må ikkje vere ferdigstilde i 2024, men det er eit krav om at større delar av arbeidet må gjennomførast og midlar komme til utbetaling i 2024. Difor er det krav til at alle løyver og handverkarar er på plass slik at prosjekta kan starte opp raskt.

Dei 100 millionane for 2024 vart vedtekne av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett 21. juni. Samstundes vedtok Stortinget at Barne- og familiedepartementet kan pådra forpliktingar om tilskott til Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg innanfor ei samla ramme på 10 milliardar kroner (i 2024-kroner) med årlige utbetalingar på inntil 500 millionar kroner i perioden 2024 til 2054. Dei neste åra er det planlagt for ei gradvis opptrapping fram mot dette nivået. Søknadsfristen for 2024 er 11. august, og programstyret tar sikte på å løyve tilskot i midten av september.

Sjå utlysningane her (ra.no)

Kyrkjebevaringsfondet er i gang

Programstyret for kyrkjebevaringsfondet er leia av preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit:

– Kyrkjebygga er viktige formidlarar av vår historie og kulturarv, og dei formidlar kyrkja sin bodskap og verdiar overalt i landet. Dei representerer dei lange linjene i samfunnet, og det må vi formidle til nye generasjonar. Kyrkjene vert best verna ved god bruk. Sekretariatet er under etablering og vi i programstyret ser fram til å få dei første søknadane om bevaring.

Sekretariatet for kyrkjebevaringsfondet ligg hos Riksantikvaren, og det er dit søknadane skal sendast. Kyrkjene representerer nokre av dei viktigaste kulturminna som Noreg har, og dei kulturhistorisk viktige kyrkjene er utpeikt for å vise mangfaldet vi har i landet frå gamalt av og heilt opp til 1970-talet. Med den langsiktige satsinga som regjeringa legg opp til vil det bli store oppdrag for mange handverkarar med ulik kompetanse i åra som kjem.

Forprosjekt og hovudprosjekt

Nokre av dei eldste byggverka vi har i Noreg er stavkyrkjer og steinkyrkjer.

– Handverkarane som skal jobbe på desse treng å vite mykje om gamle materialar og metodar, men vi treng også at fleire grip sjansen til å byggje meir kompetanse på dei nyare kyrkjebygga i både tre, mur og betong, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Midla til kyrkjene gjev høve til eit lyft for handverksbransjen, og det har vi òg nytte av i ei tid der vi skal bruke om igjen det vi har.

Forprosjekta er heilt sentrale for å klargjere for fleire prosjekt i framtida. Det inneber å kartleggje og utreie kva som er behova og kva for tiltak som er riktig for dei enkelte kyrkjene.

– Vi veit at mange kyrkjeeigarar sit klare med gode prosjekt, både hovudprosjekt og forprosjekt. Vi oppmodar dei til å setje seg godt inn i forskrifta og tilskotskriteria, slik at sjansen for eit positivt svar blir størst mogleg, seier administrerande direktør i Hovedorganisasjonen KA, Marit Halvorsen Hougsnæs.

Les meir om bevaringsstrategien for kyrkjene her.

tre smilende kvinner utenfor en murkirke

Glade for å vere i gang: Riksantikvar Hanna Geiran, statsråd Kjersti Toppe og administrerande direktør i Hovedorganisasjonen KA Marit Halvorsen Hougsnæs. (Foto: Hovedorganisasjonen KA)

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"