Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Prosjektmidlar klare

Det er no bestemt kven som får prosjektmidlar til utvikling av trusopplæringsreforma; heile 24 mottakarar står på lista. For 2016 ligg tildelingane samla på 2,7 mill. kroner. Fleire prosjekt vil óg motta støtte i 2017 og 2018.

Prosjekta som får tildelingar skal vidareutvikle trusopplæringa i Den norske kyrkja - og gjere den til ein enda betre stad for dei unge.

– Desse prosjekta vil gi gode ressursar for vidareutvikling av trusopplæringa i Den norske kyrkja, seier Kristine Aksøy, leiar for seksjon barn, unge og trusopplæring i Kyrkjerådet.

–Vi fekk mange gode søknader på alle dei etterspurte områda, i tillegg til fleire andre relevante tema.

Mange søkarar
Organisasjonar, faginstitusjonar, kyrkjelydar og andre fagmiljø var invitert til å søke prosjekt i lys av reformens målsettingar og utfordringar.
Åtte forsking- og fagutviklingsprosjekt, ti metode- og materiellutviklingsprosjekt og seks lokale utviklingsprosjekt vart innvilga. Det kom inn 60 søknader frå organisasjonar, faginstitusjonar og kyrkjelege organ.

– Utlysninga var open, innafor ramma av Trusopplæringsreforma, seier Kristine Aksøy.

– I år peika vi i tillegg på fem aktuelle utfordringar i kyrkja sitt arbeid for barn og unge: Teologiske og pedagogiske ressursar for å arbeide med dåp i trusopplæringa, trusopplæring for unge etter konfirmasjonstida, samvirke mellom tidsavgrensa tiltak i trusopplæringa og kontinuerleg arbeid for barn og unge og korleis kan trusopplæringa motivere unge til å velje kyrkjeleg utdanning og teneste? I 2017 er det 500 år sidan reformasjonen. Ressursar og tiltak som aktualiserer reformasjonens tema for barn og unge i dag var derfor eit særskilt punkt i utlysninga.

Kvifor utviklingsmidlar?
Målet med utviklingsmidla er å bidra til at
– barn og unge gjennom dåp og opplæring kan leve og vokse i den kristne trua
– tilsette og frivillige i kyrkjelydane får økt kompetanse til å tilby ei trusopplæring for alle
– Trusopplæringsreforma blir vidareutvikla i Den norske kyrkja – lokalt, regionalt og nasjonalt

Her er lista over mottakarar og titlar på prosjekta:

Bjørgvin bispedømme: Martin si vidunderlege verd. Ei pedagogisk forundringspakke
Blå Kors Norge: Sunt og Sant for tweens
Bragernes menighet: Julekrybbe – stort format
Det teologiske fakultet: Reformasjonen og Bibelen: Et didaktisk filmprosjekt
Det teologiske Menighetsfakultet: Dåpens teologi
Det teologiske menighetsfakultet: Trosopplæring, kirkelig utdanning og tjeneste
Døvekirken – Døveprostiet: Konfirmanttekster på app
Førde kyrkjelege fellesråd: Synleggjere kyrkja som arbeidsplass
IKO – Kirkelig pedagogisk senter: DELTA – Ungdom 15-18 år
Kattas Figurteater Ensemble: Katharinas stemmer
KIFO: Barnenattverd
Kirkene i Gamle Oslo: Religionsdialogisk festival som trosopplæring
NLA Høgskolen Bergen: Ledelsesdynamikker i kristent ungdomsarbeid og trosopplæring
Norges KFUK-KFUM: Gaven
Norges KFUK-KFUM-speidere: Dragekjemperne
Nærøy kirkelige fellesråd: GULLIVER, søndagsskole på lørdager
Presteforeningen: Kirkelige ansattes samtaler med barn og ungdom
Skrifthuset AS: Takk for i dag – en digital dult mot døpefont og dåp
Tore Thomassen tekst & musikk: HVEM BANKER?
Ulstein sokn: Kvardagsleir
Ung kirkesang: Konferanse om sanger og salmer i trosopplæringen
VID vitenskapelige høgskole: Det lutherske dåpssyn i trosopplæringen
VID vitenskapelige høyskole: Trosopplæring, kirkelig utdanning og tjeneste
Åarjelhsaemine Teatere AS: Jupmelen Gïele / Guds stemme