Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Viktig teneste, gode rammer

Den norske kyrkja har høg kompetanse på undervisning. Det har lenge vore kvalifikasjonskrav både for kateketar og kyrkjelydspedagogar.

Kyrkjemøtet vedtok 15. april samrøystes saka om Undervisningstenesta i Den norske kyrkja. Kyrkjelydane blir utfordra til å vere fellesskap med vekt på læring. Undervisningstenesta famnar alle aldersgrupper og har eit livslangt perspektiv på kva læring er. Både danning, identitetsutvikling og oppleving av å høyre til står sentralt.

Vedtaket slår fast at undervisningstenesta er avgjerande for det enkelte menneske, samfunnet og kyrkja.

– Dette har vore ei positiv sak å arbeide med på kyrkjemøtet, både i komiteen og i plenum, seier Kristine Aksøy, som leier avdelinga for trusopplæring i Kyrkjerådet.

– Her er det ikkje snakk om å finne på noko nytt, men å jobbe best mogleg med korleis bodet om å gjere alle folkeslag til læresveinar skal bli følgt opp i kyrkja vår. Saka på kyrkjemøtet handlar om å sikre gode rammer for tenesta. Kyrkjemøtet har støtta opp om at dei som driv med undervisning i kyrkja, treng høge kvalifikasjonar.

Kristine Aksøy har vore hovudforfattar av saksdokumentet til Kyrkjemøtet. Ho har vore ei drivkraft bak oppbygginga av undervisningstenesta i Den norske kyrkja dei siste tolv åra.

Vedtaket i Kyrkjemøtet fastheld den strukturen som er bygd opp for undervisningstenesta, med stillingar som kateket, kyrkjelydspedagog og kyrkjelydsarbeidar. Kateket krev master-utdanning mens kyrkjelydspedagog krev bachelor-nivå. Kristendomskunnskap, pedagogikk og praktisk-kyrkjelege fag skal vere hovudelement i utdanninga.

Kateketar skal vigsles til stillinga, og når dei er liturgar i gudstenestene, skal drakta deira vere kvit alba med skråstilt stola.