Alt eg har lært har eg bruk for

Marita Bjørke Ådland tok til som prest etter mange år som lærar i vidaregåande skole. Dei store spørsmåla i livet tok meir og meir plass: - Kva ønsker eg å bruke tida mi på? - Kva er det som betyr noko?

– Eg hadde gode dagar som lærar og ein god arbeidsplass. Men eg er ein type som ynskjer å utfordre meg sjølv. Eg kom til eit punkt då eg kjende eg hadde  behov for ei endring, seier Marita Bjørke Ådland.

Prest i vaksen alder
Nokre hendingar i livet hennar førte til at ho byrja å vurdere om ho skulle gjere noko anna enn å vere lærar.

- Barna byrja å bli så store at det var lettare å tenkje nytt i forhold til yrkesval. I tillegg til dette vart møtet med død i nær familie eit høve til å reflektera over dei store spørsmåla i livet. Eg opplevde også at trua mi betyr svært mykje for meg også i krevjande tider, og til saman vart alt dette utløysande for mine tankar om å gå ein ny veg.

- Men kvifor vart du prest?

- Kyrkja treng folk med ulik kompetanse. For meg var det også viktig å få vere ein stad der eg kunne utfalde trua mi, seier Marita Bjørke Ådland.

.. til dit du alltid var
Ho kjem frå Norheimsund og der var det ikkje mange kvinnelege rollemodellar som viste veg til presteyrket. Difor var det ikkje så aktuelt å velje utdanning til prest då ho skulle velje studie. I staden vart det norsk.

- Då eg skreiv masteroppgåve var det så tett opp til ei teologisk vinkling som mogleg, utan at eg tenkte på presteyrket av den grunn.

Marita Bjørke Ådland hentar fram eit sitat frå Jon Fosse for å forklara at ho no er ganske nyordinert prest:
«Det kjem ein vind… Han tek deg dit. Til dit du alltid var.»  

Marita Bjørke Ådland liker å vere prest.

- Det er stor variasjon i arbeidet. Alle erfaringane eg har med meg frå utdanning og arbeidsliv har eg bruk for. Eg møter folk i ulike fasar i livet.  Og det er rett og slett fantastisk å vere med på å planlegge og gjennomføre gudsteneste. Gudstenesta er eit fellesskapsprosjekt,  seier ho entusiastisk.

Evalueringsnemnda
Det er to vegar for dei som vel presteyrket som ny karriereveg. Anten gjennom eit vanleg studieløp på eit av dei teologiske fakulteta, eller gjennom ei evalueringsnemnd. Der kan dei som har ein mastergrad som er relevant for prestetenesta sjølv søkje, eller biskopen kan søkje om handsaming i evalueringsnemnda.

Marita Bjørke Ådland sendte sjølv søknaden om handsaming til evalueringsnemnda. Ho fylte då krava dei hadde sett for å bli vurdert.

- Ein må vere eldre enn 35 år, ha ein mastergrad som svarar til cand.theol. og som er minst fem år gamal og 80 studiepoeng som er innafor teologiens tradisjonelle hovuddisiplinar, fortel ho.

- Etter at søknaden var innvilga, tok eg praktikum på Det teologiske Menighetsfakultet (MF). Før eg starta der hadde eg sommarpraksis som prest. Eg fylgde også programmet «Vegen til presteteneste» (VPT) og hadde to semester på MF, der eg tok nokre fag på deltid og to praksisperiodar, før eg avslutta med eit semester som heiltidsstudent. Dette var både ei lærerik og utfordrande tid, og eg fekk mykje kunnskap som eg har nytte av i jobben min som prest.