Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Salmeboka - eit smykkeskrin

I salmene våre møter vi evangeliet i heile sin rikdom, lagt til rette i tredelt kunstnarleg form. Bodskapen i alle sine fasettar er samla i ein einskap av to kunstverk; eit dikt og ein komposisjon, som saman skaper ein tredje dimensjon når han vert forløst i sjølve sangen.

Salmane vert til der bodskapen møter livserfaringane. Gjennom tre tusenår med salmesong har det skifta kva ein har festa seg ved og vektlagt av det rike innhaldet i Bibelen – nett som ein vakker og verdfull stein kan verta slipt og forma i ei mengd av fasettar. Dei litterære formene, den musikalske stilen og graden av fokus på eigne opplevingar har vore ulikt gjennom hundreåra. Salmane ber difor med seg eit avtrykk av tida og staden som skapte dei.

Dei mange namna og årstala i salmeboka ber vitnemål om menneske i ulike tider og med ulike lagnader. Det mest verdfulle frå alle tidsaldrar er gjeve vidare til oss. Salmeboka er difor den rikaste kjelda vi har til teologiar og trushistorier frå ulike tider. Samstundes er ho ei makelaus kulturhistorie i konsentrert form. Salmeboka er eit smykkeskrin.

Norsk salmebok 2013
Arbeidet med Norsk salmebok 2013 starta i 2004, som ein del av gudstenestereforma. Resultatet er ei salmebok med 899 nummer (991 med bibelske salmane og andre liturgiske sanger), av desse er 535 salmar vidareførte frå Norsk Salmebok (1985) og 124 salmar er videreført frå Salmer 1997. 272 salmar er nye, og bland desse er både mange kjende og fleire nyskrevne salmar.

Den nye salmeboka har ei langt større sjangerbreidde enn tidlegare salmebøker. Her står dei tradisjonelle salmane side om side med gospel, spirituals, lovsongar, viser, samt afrikanske, latin-amerikanske og asiatiske salmar. Innslag av salmar på dei tre samiske språka og kvensk syner det språklege mangfaldet innafor Den norske kyrkja. Salmar på engelsk, tysk og andre framandspråk er komne med, noko som reflekterar at kyrkja er internasjonal, og som samstundes gjev hjelp til å inkludera alle i norske kyrkjelydar.