Utøvarar og produsentar

Utøvarar og produsentar som ynskjer produksjonssamarbeid med Den norske kyrkja, kan ta kontakt med ein kyrkjelyd eller ein kulturrådgjevar på eit bispedømekontor.

Eit produksjonssamarbeid kan vere: Konsert, utstilling, drama, dans, eller andre (sceniske) kunst/kulturarrangement i ei kyrkje eller utvikle ein kyrkjeleg produksjon innanfor Den kulturelle skulesekken.

Nasjonale aktørar kan ta direkte kontakt med kulturrådgjevar hjå Kyrkjerådet  eller bispedømet. 

Økonomi
Den norske kyrkja har ikkje eigne produksjons- eller arrangementsmidlar. Økonomi til dette må søkjast innanfor det regelverk og dei ordningar som er oppretta for det allmenne kulturliv. 

Rådgjevnad
Rådgjevnad overfor utøvarar/produsentar hjå bispedømmet sin kulturrådgjevar i søknadsskriving forutset samarbeids- eller intensjonsavtale om prosjektet i ein eller fleire kyrkjelyd.

Ledsagerbevis
Ved samarbeid med kyrkjelyd og/eller leie av kyrkje til kulturarrangement, vert utøvarar/produsentear utfordra til å akseptere ledsagerbevisordninga. Les meir om ordninga her: https://helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunen/ledsagerbevis